Wikipedia-diskusjon:Nynorsk Wikipedia promo

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Side for redigering av teksten til promoplakaten for Nynorsk Wikipedia[endre wikiteksten]

Sjå óg Wikipedia:Marknadsføring

Bruk gjerne denne sida til å kommentere/diskutere utforminga av plakaten.

OpenOffice 2.0 filformat er ikkje tillete format[endre wikiteksten]

** Problemet er berre at formatet .odt (OpenOffice.org v2), som plakaten blir laga i, ikkje blir godteke for oppplasting (enno?)... :( -- Olve 5. mai 2005 kl. 2214 (UTC)
Svært så avansert du er då:) Kan du ikkje bruka .sxw inntil vidare? --Guttorm 5. mai 2005 kl. 2226 (UTC)
Nja... Dokumenta mine dreiv berre og kræsja i OOo 1 (for mange bidireksjonelle tabellar og kryssrefererte fotnotar og slikt noko), så eg gikk heilt over til OOo 2 for nokre månader sidan. OOo 2 er utruleg mykje betre enn OOo 1, sjølv i pre-betaversjonen eg framleis kjører, og SQL-støtten (med Unicode) er berre heilt suveren, så dette er ein overgang eg vil anbefala for alle som ei/n som likar open programvare. Eg spår at temmeleg mange «nørdar» vil vera oppdaterte i løpet av sommaren, så eg trur det hadde vore betre å få Wikipedia til å godtaka .odt-dokument så snart som muleg... -- Olve 5. mai 2005 kl. 2244 (UTC)
No var det ikkje meininga aa faa deg til aa byta OpenOffice-versjon, eg tenkte kanskje det var mogleg aa lagre som .sxw. Dersom det ikkje er noko stor sikkertheitrisiko ved filformatet skulle ei velformulert melding til wikitech-l, eller masing paa #wikimedia-tech faa ting gjort (men det visste du sikkert). Sjölv tenkte eg aa nytta litt av mörkret til aa sova no... --Guttorm 5. mai 2005 kl. 2308 (UTC)
Eg skjønte no stort sett det. :) Men det er noko herk å arbeide med andre filformat — særleg i eit finstilt dokument som dette der kvar tidels millimeter i oppsettet tel. Det kravde utruleg mykje flisespikkeri å få plakaten til å passe med standard A4-format, estetisk oppsett, symmetriske kolonnar og liknande. Ved arbeid i ikkje-«innfødd» filformat er det vanskeleg å forutseie kva det blir sjåande ut som på andre folk sine datamaskinar med ulikt programoppsett. Når det gjeld wikitech-l, så har eg faktisk ikkje skrive meg på der — det er likevel meir enn nok å henge fingrane i her når det gjeld språklege ting (eg har m.a. eksamen i leksikografi frå UiO) og diplomati mellom nn og no (der gjer no elles Bjarte ein glimrande innsats, men det har vore nok arbeid for fleire av oss der ei stund no...), og eg veit at du er aktiv på det tekniske området og får mykje til der. Kanskje du kunne ta ein prat med dei i kraft av å vera vår «hovudperson» på den tekniske sida? :-) ? Du får sova godt. Vi snakkast! :) Olve 5. mai 2005 kl. 2326 (UTC)
Eg skal sjå kva eg får gjort, har litt vegring mot pratekanalen sidan den plar stjela alt for mykje tid når eg først er logga inn. --Guttorm 6. mai 2005 kl. 1026 (UTC)
Lagt inn som bug 2089, stemmer velkomne. --Guttorm 6. mai 2005 kl. 1111 (UTC)