Wikipedia:Nynorsk Wikipedia promo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nynorsk Wikipedia[endre wikiteksten]

Det frie oppslagsverket![endre wikiteksten]

Kva er Wikipedia?[endre wikiteksten]

Det frie oppslagsverket[endre wikiteksten]

Wikipedia er eit fritt internettleksikon. «Fritt» tyder i denne samanhengen at det er gratis å bruke, alle kan vera med og skrive, og det er skrive under «GNU fri dokumentasjons­lisens». Wikipedia finst i mange språkutgåver — den største utgåva er den engelske med 652 591 artiklar (25.7.2005).

Eksempel på artikkel slik han ser ut på skjermen.

Kvifor er Wikipedia bra?[endre wikiteksten]

Den opne arbeidsmåten og den frie lisensen gjer at både gammal og ny kunnskap kan innarbeidast snøgt og effek­tivt. Kvar artikkel kan bli redigert av dusinvis av menneske eller enda fleire. Alle redigeringar blir registrerte i loggen (klikk på Siste endringar eller histo­rikk), og årvakne redaktørar med brei kompetanse (inkludert fleire med hovudfag eller doktorgrad) følgjer med og rettar feil. Finn du ein feil, kan du sjølv rette han òg! Resultatet er eit produkt prega av mange skribentar sine sterke sider og kvalitetskontroll heller enn berre éin forfattar med sine sterke og svake sider. Du kan sjølvsagt skrive om alle saklege emne på NW — frå nordnorsk lokalhistorie til astronomi eller etiopisk mat!

Wikipedia på eige språk[endre wikiteksten]

Det finst i dag wikipediaer på kring 200 språk, inkludert alle dei fire hovudformene av skandinavisk — svensk, dansk, bok­mål og nynorsk. Det største av desse, Svenska Wikipedia, er oppe i 90 925 artiklar (25.7.2005). Nynorsk Wikipedia (NW) er nyast av dei skandinaviske wikipediaene og vart oppretta den 31. juli 2004. Per 25.7.2005 har vi 306 registrerte skribentar og 9460 artiklar på nynorsk. Vi reknar med å passere målsetjinga for 2005 på 10 000 artiklar på Nynorsk Wikipedia allereie i juli eller august dette året.

Korleis kan du hjelpe Wikipedia?[endre wikiteksten]

Ver med og skriv![endre wikiteksten]

Det er lett å komma i gang: Berre klikk på endre-knap­pen ovanfor sjølve artikkelen og skriv i veg — anten du berre vil rette ein kommafeil eller du vil skrive ei sidelang utgreiing. Dei få kodane som blir brukte lærer du etter kvart. Registrererer du deg som brukar (det er sjølvsagt gratis) får du vel­fortent heider og ære og bidraga dine får meir vekt enn ano­nyme bidrag.

Få med deg fleire![endre wikiteksten]

Bruk denne sida til oppslag på arbeidsstaden din — anten dette er skule, bibliotek, meinigheit, butikk, offentleg kontor, bank, fabrikk eller andre arbeids­stader med opp­slags­tavle. Har du ei heimeside eller ein annan nettstad, så kan du laga lenkje til Nynorsk Wikipedia eller til ein eller fleire inte­res­sante artiklar der. Om du er lærar kan du for­telja klassen din om dette opp­slags­verket — både som kjelde og som medium for skriveglade elevar/studentar.

Korleis kan Wikipedia hjelpe deg?[endre wikiteksten]

Finn stoff[endre wikiteksten]

Er du på jakt etter stoff til eit prosjektarbeid? Da er Wikipedia ei viktig kjelde! Nokre eksempel på artiklar som finst til no på NW er: fish and chips | Jølster | kaffi | kinesisk språk | Noreg | pinnekjøt | planeten Jupiter | romani rakripa | Victoria av Storbritannia | Ålesund. Det finst mange gode og innhaldsrike artiklar, og du kan hjelpe til med å skrive enda fleire!

Lær å skrive betre![endre wikiteksten]

Wikipediaskriving er ein god måte å trene opp språkkjensla og uttrykksevna på. Denne skrivetreninga kan hjelpe deg til å stå sterkare i konkurransen om studieplass og jobb.

Målsaka[endre wikiteksten]

NW har til mål å utvikle det første store nynorske leksikonet sidan tibandsverket Norsk Allkunnebok kom ut for over førti år sidan. Fleire og betre artiklar på Nynorsk Wikipedia er med på å sikre godt nynorsk innhald på Internett. Dette vil i sin tur betre kompetansen åt språkbrukarane og auke nynorsken sin status som skriftspråk.


Høyrest dette interessant ut? Du finn oss på http://nn.wikipedia.org