Wikipedia-diskusjon:Nynorsk innhald på Internett/rapport

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Høyrest interessant ut! No sit du vel og kosar deg på bokkveld. Det er kjekt å høyra at folk ser ut til å ha noko kjennskap til oss, det gjer berre jobben din enklare i morgon. Det kan nok lønna seg at du går gjennom ein relativt grunnleggjande presentasjon likevel, sidan det kan vera detaljar enkelte ikkje har fått med seg. Så lenge der er ope for spørsmål kan presentasjonen bli så detaljert som han vil (så lenge du har eit svar :) Dersom du får nokre vanskelege innvendingar og du ikkje hugsar eit godt motsvar (men veit det finst på en:Wikipedia:Replies_to_common_objections) så kan du jo demonstrera korleis til og med svar på dét finst på wikipedia! :)

Dessutan viss dei ikkje veit så mykje om fordelane med fri lisens kan jo du leggje litt meir vekt på det enn du hadde tenkt? Du les kanskje ikkje dette før du går på scena, så lukka til! Helsing Bjarte 4. nov 2004 kl. 22:37 (UTC)


Dette hørest fint ut, Guttorm! Stå på!!! :-)

Når det gjeld dette med namn, så er eg einig i at det er viktig at i det minste dei mest aktive brukarane kan identifiserast som personar. Dette er eit problem på no — nokre av dei mest aktive (og ofte òg med dei mest markerte meiningane) på no er anonyme — noko som fører med seg at det er vanskeleg å vita korleis ein skal tolke artiklane. -- Olve 4. nov 2004 kl. 22:52 (UTC)

Fri lisens og nettbankar[endre wikiteksten]

"Sjølv var eg ikkje spesielt imponert at det skal ta så lang tid å få til ein fleirspråkleg nettbank frå EDB, dersom programvaren hadde ein fri lisens slik som det me brukar her, ville dette vore gjort heilt frå byrjinga (om nettbankprogramvaren bør ha fri lisens er eg ellers ikkje heilt sikker på)." Som ein som jobbar, mellom anna, med nettbankar i ein konkurrerande datasentral til EDB Fellesdata kan eg seie dette: Dei skyddar programvaren sin som haukar og fri lisens er som å banne i kyrkja. Dette er i og for seg svært forståeleg. --Bep 30. jan 2005 kl. 1832 (UTC)

Jaudå eg forstår eigentleg at EDB skyddar programvaren sin, men når ein har jobba litt med open programvare og veit kor enkelt slik omsetjing eigentleg kan gjerast, så blir det jo ikkje så imponerande likevel. --Guttorm 30. jan 2005 kl. 2103 (UTC)

NRK Sogn og Fjordane sitt nettleksikon[endre wikiteksten]

Eg har vore merksam på dette leksikon i ei tid. Og det er synd at det no ser ut til å bli lagt på is (mht. oppdatering) rett etter at det er etablert som nokonlunde komplett (det vil seie, det har artiklar om alle kommunane i Sogn og Fjordane). Det ville vore ein stor ressurs for nn.wikipedia om ein kunne få låne artiklar derifrå. Det tekstlege skulle kanskje lata seg gjere reint lisensielt, men det som gjer dette leksikon så bra er jo også det rike utval bilete, lyd- og videopklipp. Der set nok NRK seg på bakbeina. Eg skal freiste å drive litt lobbyverksemd neste gong eg møter på distriktsredaktøren. --Bep 30. jan 2005 kl. 1832 (UTC)

Eg har tenkt litt på dette sjølv. Fordelen med teksten er at slik eg har forstått det så er det berre ein hovudforfattar (som eg kanskje har namnet på) og ein redaktør som er Arild Nybø. Dette gjer det enkelt og få avklart ev. bruk av teksten. Når det gjeld bilete, lydar, etc. frå NRK og andre kjelder trur eg sjølv at det ikkje vil vera mogleg å få dei under ein fri lisens. NRK sitt media blir truleg vanskeleg fordi ein må ta ei sentral avgjerd (?), og resten blir truleg nær sagt umogleg fordi det er skrivne særkilde kontrakter for kvart einaste eitt av dei (iallfall dei frå USA). --Guttorm 30. jan 2005 kl. 2103 (UTC)
[1] vert Ottar Starheim oppgjeve som leksikonredaktør. Elles har Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane på nettstaden sin [2] eit Kulturhistorisk Atlas og Leksikon for Sogn og Fjordane. --Gunnernett 30. jan 2005 kl. 2114 (UTC)