Hopp til innhald

Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 26, 2006

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva med Petroleumsverksemda i Ecuador som vekas artikkel i veke 26? For å få ei "serie" om Ecuador ... --Gunnernett 22. mai 2006 kl. 15:35 (UTC)

Artikkelen ser svært bra ut. Det er synd at det er den einaste artikkelen av typen Petroleumsverksemda i X, (ikkje ein gong Petroleumsverksemda i Noreg finst), og at paraplyartikkelen Petroleumsverksemd manglar (orsak, det gjorde han ikkje!). Kanskje vekas artikkel til Petroleumsverksemda i Ecuador kan vere ein inspirasjon til å få til eit par artiklar til? Trondtr 18. juni 2006 kl. 22:19 (UTC).

No blei Willy Brandt vald til vekas artikkel av ein anonym brukar fordi ingenting anna var lagt inn. Det er forsåvidt greitt nok, petroleumsverksemda kan sikkert venta litt? -- Ranveig 26. juni 2006 kl. 09:19 (UTC)

Dette med petroleumsverksemd var noko eg la inn for fleire veker sidan, berre for å ha eit forslag. Eg la inn nokre forslag for å vera litt i forkant, slik at det ikkje vert ei "panikk"- innlegging i siste liten. --Gunnernett 26. juni 2006 kl. 11:43 (UTC)
Og dét er eit bra tiltak. Eg lurte bare på om det var for frekt å leggja inn ein heilt annan artikkel utan nokon diskusjon, særleg av ein ukjend. Men når alt er gjort rett er det ikkje nokon vits i å laga bråk. --Ranveig 26. juni 2006 kl. 12:21 (UTC)
Kan hende skal de/vi gjere som dei/vi gjer på bokmålswikien, jfr nb:Wikipedia:Ukens artikkel/2006, at vi ligg eit par veker framfor vår eiga tid. --Orland 26. juni 2006 kl. 18:21 (UTC)

Start ein diskusjon om Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 26, 2006

Start ein diskusjon