Petroleumsverksemda i Ecuador

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Petroleumsverksemda i Ecuador og då spesielt oljeproduksjonen har frå og med 1970-åra vore ei viktig næring for Ecuador fordi ho syter for eksportinntekter for landet. I 2001 utgjorde eksport frå verksemda 44 % av all eksportverdi og i perioden fram til 2006 har både marknadsprisar og produksjonsmengda auka. I 2005 var landet fjerde største oljeprodusenten på kontinentet, saman med Colombia.

Mest all oljeproduksjon går føre seg i tropisk regnskog i nordlege del av Oriente-regionen. Styresmakta har lenge ønskt å utvide verksemda mot sør i Oriente, men alt det verksemda fører med seg gjev styresmakta utfordringar knytt til vern av miljø og biologisk mangfald, til legale rettar som urfolk og annan folkesetnad har i området, til berekraftig utvikling og til å overhalde skyldnader for Yasuní nasjonalpark. Folk frå huaoranikulturen og Sarayaku i Pastazaprovinsen har vekt oppsikt for motstanden mot oljeleiting i deira respektive territorium. Olja vert ført over Andesfjella til ei hamn nær byen Esmeraldas gjennom den transecuadorianske oljerøyrleidninga. Det finst òg ein liten naturgassproduksjon utanskjers og ein mindre oljeproduksjon på Santa Elena-halvøya.

Årleg oljeproduksjon i Ecuador 1965 - 2010. Tala er omrekna frå gjennomsnittleg årleg dagsproduksjon i fat til årleg produksjon i millionar kubikkmeter. Kjelde BP Statistical Review of World Energy 2011, Rekneark med data.
Grafen viser ein merkbar auke i produksjonen rundt 1972 då den første oljeleidninga frå Oriente over Andes kom i produksjon. Frå september 2003 vart transportkapasiteten frå Oriente til skipingshamna meir enn dobla med eit nytt røyr kalla Oleducto de Crudos Pesados (OCP). [1]. Det gjorde det mogleg å auke produksjonen som vi ser av grafen. Vi ser òg det store tapet av produksjon i 1987 som skuldast jordskjelvskade på den første oljerøyrleidninga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første mineralolja i Ecuador vart tatt ut frå lausmassar og grunne dammar lenge før koloniseringa. Ho gjorde nytte som lyskjelde, på kysten òg som tettingsmidlar og smøremidlar for båtar og flåtar. Seinare nytta også spanjolane olje frå Ecuador til båtane sine. Den spanske krona hadde gjort krav på rettar til alle mineralar i dei koloniserte områda, og prinsippet om at staten har eigendomsrett til olja har vore gjeldande rett fram til i dag.

Costa-regionen[endre | endre wikiteksten]

Kystlandskap, Ecuador
Foto: Martin Zeise, Berlin

Ettersom det var kjent at det fanst olje i Costa-regionen i landet vart det tidleg gjort freistnad på å finne store nok førekomstar til ein moderne industriell utvinning. Den første konsesjonen vart gjeven i 1878, men ikkje før i 1911 vart dei første fat olje produsert i liten skala, noko meir frå 1917 då eit nytt felt produserte 156 fat pr dag. Det blei også tidleg bygd raffineringsindustri i landet, rundt 1930 fanst det tre raffineri, men kapasiteten var svært liten etter dagens mål, berre opp til 150 fat pr dag. All den stund at det nesten ikkje var etterspørsel innanlands, gjekk likevel mykje til eksport og skaffa inntekter til landet. I 1932 utgjorde oljeeksporten heile 30 % av all eksportinntekt.

Fram til 1972 føregjekk all produksjon i Costa-regionen, og mest på Santa Elena-halvøya. Gjennom 1940- og 1950-talet auka den innanlandske bruken utan at produksjonen auka i same takt, og Ecuador vart ein netto importør frå 1958. I 1969 var forbruket innanlandsk ca 19 000 fat dagleg medan det vart produsert ca 4000 fat dagleg. Produksjonen på Santa Elena har halde fram på eit lågt nivå til over tusenårsskiftet.

Dei første offshore undersøkingar kom ikkje i gang før i 1969, og naturgassfeltet Amistad vart funne i Guayaquilbukta i 1970. Feltet vart bygd ut til produksjonsstart i 1999 og sytar for gass til eit 130 megawatt gasskraftverk ved Machala gjennom eit gassrøyr. Verket nyttar all gass frå Amistad og frigjer meir råolje til eksport frå Ecuador, olje som elles ville vore brent i ineffektive oljekraftverk.

Oriente-regionen[endre | endre wikiteksten]

Helikopter er mykje brukt til transport av menneske og utstyr.
Illustrasjon av borerigg (Foto: Aldo Cauchi Savona, Malta

Dei første oljeførekomstar i regnskogen i Amazonas vart funne i Venezuela rundt år 1920 og det gjorde det interessant å utforske ecuadoriansk Amazonas utover 1920-talet. Eit oljeselskap slo i 1923 fast at det mest sannsynleg var store oljefelt i området, men at det mangla infrastruktur for å utnytte ressursane. Lite skjedde fram til 1937 då oljeselskapet Shell fekk konsesjon for eit hundre tusen kvadratkilometer areal. Selskapet bygde vegar, ein flyplass og anna naudsynt infrastruktur for å drive seismisk utforsking av området, vesentleg nær Pastazaelva og Napoelva. Arbeidskrafta vart teke blant indianarane. Dei første protestane mot verksemda ein kjenner til kom frå huaoranifolket, i 1942 og 1943 vart til saman seks framande oljearbeidarar på geologiske studiar drepne av folk frå huaorani. Etter ti år med leiting konkluderte Shell med at det ikkje fanst olje i konsesjonsområdet. To år seinare, i 1950, hadde dei funne olje, men framleis kunne ho ikkje nyttast kommersielt. Det neste selskapet som ville finne petroleum i Oriente var dei amerikanske selskapa Texaco og Gulf som hadde funne olje lengst sør i Colombia. Texaco-Gulf fekk i 1964 konsesjon i eit tilgrensande område lengst nord i Oriente. Dessutan kjøpte dei seg inn i Pastazaprovinsen og Aguarico i 1965. Texaco-Gulf fann olje i første boringa dei gjorde. Det skjedde i 1967 i eit felt kalla Lago Agrio-1. Etter det tok dei føderale styresmakta til med sal av konsesjonar over heile Oriente.

I august 1972 vart den transecuadorianske oljerøyrleidninga ferdig. Ho går frå oljefelta Lago Agrio, Sacha og Shushufindi i Oriente over Andes til Esmeraldes. Frå den tid har Ecuador vore netto eksportør av råolje og ein av dei største produsentane på kontinentet. Det offisielle namnet på røyret er Sistema Oleducto Trans-Ecuatoriano (SOTE), det har ei lengd på 500 kilometer og passerer ei største høgd på 4063 moh.

Utvikling av vilkåra for verksemda[endre | endre wikiteksten]

Før år 1937 tilbaud Ecuador konsesjonar til utanlandske oljeselskap til vilkår som var gode for selskapa. Konsesjonane hadde lengd på 40–50 år, store areal, ingen statleg deltaking og lågt skattenivå. Ein ny lov i 1937 skjerpa skattenivået, men først i 1971 skjedde det ei endring mot eit meir nasjonalistisk system. Formålet var å ivareta dei nasjonale interessa betre i forhold til dei store internasjonale selskapa. Først kom ein ny lov som sikra staten deltaking i alle nye leiteområde og produksjonsfelt. Skattane vart auka, konsesjonane fekk kortare lengd for mindre areal. Vidare vart det sett i verk vederlag for å vere med i verksemda (signaturbonus), pålegg om å stø utdanningssystemet i landet, avgift for å nytte oljerøyr og anna reguleringar. Effektivt frå 1972 vart det nasjonale statseigde oljeselskapet, la Corporación Estatal Petrolera Ecuatoriana (CEPE) stifta, i dag kjent som Petroecuador. CEPE fekk i røynda ei monopolstilling med at all utanlandsk deltaking måtte skje gjennom partnarskapskontraktar med CEPE eller gjere tenester for CEPE. Den nasjonalistiske militærjuntaen som kom til makta i 1972 gjorde loven frå året før tilbakeverkande. Juntaen gjorde òg Ecuador til medlem av OPEC frå 1973.

1970-talet og 1980-talet[endre | endre wikiteksten]

1970-talet markerte starten på den eigentlege oljealderen i Ecuador. Produksjonen auka mykje snøgt frå ca 4 tusen til ca 200 tusen fat dagleg frå 1971 til 1973 etter at SOTE kom i drift. Samla inntening av framand valuta frå verksemda 60 % av all statleg inntening i 1972. Trass dette var petroleumsverksemda i Ecuador prega av kriser på 1970-talet. Det var ein open konflikt mellom utanlandske selskap og juntaen. Texaco-Gulf sitt svar på lovane frå 1971 og 1972 vart ein boikott av leiteverksemd. Konflikten gjorde at produksjonen sokk frå over 200 tusen fat dagleg i 1973 til ca 160 tusen fat dagleg i 1975 og mange selskap forlét landet. Frå 1979 kom ei ny demokratisk regjering og eit nytt lovverk som skulle gjere oljeselskapa meir venlege, noko styresmakta først ikkje lukkast med. Utover 1980-talet vart situasjonen for oljeinntekter til landet verre, landet var i ein konstant økonomisk krise trass i at oljeprisen først berre fall langsamt frå ca 35 dollar pr fat i 1980. Krisa tilspissa seg i 1986 då råoljeprisen fall fort ned til 11 dollar fatet. Året etter stoppa all produksjon i Oriente for ein periode på 2 månader etter at eit jordskjelv gjorde skade på den transecuadorianske oljerøyrleidninga. Frå 1982 fekk utanlandske selskap ta del i verksemda på nye vilkår gjennom ein type av produksjonsdelingsavtalar kor selskapa tok all risiko ved leiting, men fekk betalt tilbake utgiftar i form av ein part av produksjonen om dei fann olje. Ordninga fekk mange oljeselskap til Ecuador, mange små førekomstar vart funnen, men Texaco var framleis den største produsenten på 1980-talet.

1990-talet og fram til 2010[endre | endre wikiteksten]

Ecuador støtte på fleire problem for verksemda på 1990-talet. Jamvel om landet i søramerikansk målestokk har hatt ein monaleg oljeproduksjon frå ca 1970, var det aldri påvist reservar som ville vare i stort meir enn 15 år. Talet for reservar vart ikkje auka til inngangen til tiåret. Andre problem som truga framtidig inntekt til landet frå næringa var låg kvalitet på råolja frå Oriente, motstand frå samfunn av innfødde som bur i dei aktuelle områda, låg inntening for dei utanlandske selskapa som tok del i verksemda og ein generell svekka marknadspris for råolje mot slutten av tiåret. Etter påverknad frå internasjonale straumar for liberal økonomisk politikk kom ei endring av petroleumsloven i 1993 som fjerna Petroecuador sin monopolstilling. I 1992 gjekk landet ut av OPEC for å unngå avgrensing i produksjonen. Produksjonen auka gradvis frå ca. 300 tusen fat dagleg i år 1991, til ein topp på ca. 545 tusen fat dagleg i 2007. Etter det har produksjonen minka noko.

Næringa i 2005[endre | endre wikiteksten]

Med dei prisane som marknaden no gjev for petroleum er næringa meir vektig for landet enn nokon gong tidlegare. I 2001 syta verksemda for meir enn halvparten av all statleg inntekt og for 44 % av all eksportverdi for landet. Rundt år 2002 vart det stadfesta nye sikre førekomstar slik at reservane i 2005 er meir enn dobla i forhold til ved inngangen til tusenåret. I 2004 auka produksjonen av råolje i Ecuador med 25 % opp til eit nivå på ca 535 tusen fat dagleg, eit nivå som òg vart heldt oppe i 2005. I 2005 er reservane rekna til 4630 milliardar fat olje og kan vare i ca 30 år.

Innverknader på økosystem i Amazonas[endre | endre wikiteksten]

Både leiteverksemd og oljeproduksjon verkar på miljø og menneske i økosystema tropisk regnskog og våtmarksområde. Mest iaugefallande er store inngrep som bygging av flyplassar, vegar og oljerøyrleidningar. Til dømes førte Shell all frakt av utstyr luftvegen til felta ved Pastazaelva og Napoelva då dei undersøkte området i perioden 1938 til 1950. Når selskapa gjer seismisk datainnsamling vert først skogen hogd ned i ei 2–2,5 kilometer lang gate kor lyttekablar med geofonar plasserast ut. Sprengladningar vert grave ned i 20 meter djupe brønnar 100 meter mellom kvar brønn [2]. Enda større inngrep gjer vegnett som vert bygd i Amazonas ved at skog tas vekk og område for jakt og annan tradisjonell aktivitet forsvinn. Det finst openberre problem med å samle opp lekkasjar og spill i eit sårbart landmiljø. Det er rekna som uråd å unngå å sleppe ut ureint vatn og kjemikaliar. Når olja vert ført opp frå undergrunnen følgjer det med gass som vert brent av i flammetårn. Dette har gjeve utslepp av sur nedbør.

Andre innverknader som protestgrupper nemner er dei sosiale og kulturelle verknadar frå andre verksemder som følgjer etter oljeselskapa så som verksemder og organisasjonar innan skogvirke og tømmerhogst, turisme og miljøvern. Dessutan opnar nybygde vegar for kolonisering frå folkegrupper som ikkje høyrer til områda. Det vert òg reagert på støy frå helikopter og annan trafikk som forstyrrar jakt og anna tradisjonell levevis.

Både styresmakta og selskapa tar del i ulike program og tiltak for å motarbeide skadeverknadane frå næringa. Det kan dreie seg om utbygging av utdanningssystem, helsetiltak, utvikling av jordbruk og anna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]