Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 27, 2013

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heinrich Schütz frå ca 1660, Christoph Spetner

Heinrich Schütz (1585-1672) var ein tysk barokk-komponist og organist.

Schütz vert rekna som den største tyske komponisten før Bach, og er ved sidan av Claudio Monteverdi ein av dei viktigaste komponistane på 1600-talet. Ein reknar med at Schütz skreiv den første tyske operaen, Dafne, som vart oppført i 1627.

Trettiårskrigen, fleire pestepidemiar og sosiale omveltingar prega mykje av den skapande perioden til Schütz. Han byrja karrieren med å skrive store fleirkorsverk inspirert av venetiansk stil, men etter kvart som tilhøva for kulturell utfolding forverra seg vart han tvungen til å skrive mykje av musikken sin for små ensemble.

Det meste av det som er bevart etter Schütz, er vokal kyrkjemusikk. Han var ein av dei beste organistane på tida, men det finst ikkje bevart rein instrumentalmusikk etter han, heller ikkje verdsleg musikk. Det var berre kyrkjemusikken hans som vart publisert, men sjølv om ein tar omsyn til verk som berre er kjent frå biblioteksoppteikningar og andre kjelder finn ein hovudsakleg vokalverk, så truleg var ikkje instrumentalmusikk hovudoppgåva under den lange gjerninga hans som kapellmeister ved hoffet til kurfyrsten i Dresden. Les meir …