Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 40, 2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Blowin' in the Wind» kan kanskje passa til vindfulle haustkveldar? --Ranveig (diskusjon) 12. september 2012 kl. 19:52 (CEST)

Omlag slik?

Ei kvit due er eit fredssymbol som også blir brukt som bilete i songen: «Yes, 'n' how many seas must a white dove sail - Before she sleeps in the sand?»

«Blowin' in the Wind» er ein song skriven av Bob Dylan frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan i 1963. Songen stiller ei rekkje retoriske spørsmål om krig, fred og fridom. Refrenget «The answer, my friend, is blowin' in the wind» har vorte skildra som «djupt fleirtydig: anten er svaret så opplagt at det rett føre augo dine, eller så er svaret like uhandgripeleg som vinden». I 1999 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame. I 2004 vart han rangert på 14. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

«Blowin' in the Wind» har vorte skildra som ein hymne for borgarrettsrørsla i 1960-åra og vart ein av dei mest populære antikrigssongane i 1960-åra og under Vietnamkrigen. Under protestar mot Irak-krigen merka kommentatorane seg at protestantane nytta songar som «Blowin' in the Wind» i staden for å lage nye.

Melodien i «Blowin' in the Wind» er ei utgåve av den gamle negro spiritual-songen «No More Auction Block». Les meir …


Vi har ikkje artikkel om irakkrigen, eller antikrigsrørsla her på nnwiki. Hogne (diskusjon) 17. september 2012 kl. 11:52 (CEST)
OK. Eller antikrigssong er det vel me bør ha. Og Grammy Hall of Fame Award. --Ranveig (diskusjon) 18. september 2012 kl. 10:21 (CEST)