Irak-krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Irak-krigen
Del av USA sin Krig mot terror
Buried IED blast in 2007 in Iraq.jpg
Pansra personellkøyretøy ligg på sida etter å ha køyrt på ei vegbombe i Irak i 2007.
Dato 20. mars 200315. desember 2011[1]
Stad Irak
Resultat
  • Saddam Hussein avsett og avretta
  • Baath-partiet i Irak blei avvikla og forbode
  • Koalisjonsstyrkene okkuperte Irak i til saman 8 år
  • Omfattande terror over fleire år
  • Store sivile tap
  • Omfattande øydelegging av irakisk infrastruktur[2][3]
  • Stort tal irakiske flyktningar
  • Irak heldt sitt første demokratiske val
  • Nasjonalforsamling med fleirtal av sjia-arabarar
  • Kurdisk president
Partar
Flag of the United States.svg USA
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Flag of Iraq.svg Irak Den nye irakiske hæren
Flag of Kurdistan.svg Kurdistan Peshmerga

«Koalisjonen av viljuge» medrekna Australia, Danmark, Polen, Spania og Sør-Korea

Flag of Iraq (1991-2004).svg Saddam Husseins Irak

(Post-Saddam konflikt)
Ba'ath-partiets flagg Ba'athpartiets tilhengere
Mahdi-hæren
Al Qaidas flagg Irakisk al-Qaeda og andre opprørsgrupper

Kommandantar
Det amerikanske flagget George W. Bush
Det amerikanske flagget Tommy Franks
Det amerikanske flagget George Casey
Det amerikanske flagget David Petraeus
Det britiske flagget Tony Blair
Det britiske flagget Gordon Brown
Det britiske flagget Brian Burridge
Det britiske flagget Peter Wall
Flagget til Irak Nouri al-Maliki
Flagget til Kurdistan Massoud Barzani
Flagget til Kurdistan Jalal Talabani
Flag of Iraq (1991-2004).svg Saddam Hussein
Al Qaidas flagg Abu Musab al-Zarqawi
Al Qaidas flagg Abu Ayyub al-Masri
Flag of Iraq.svg Irak Muqtada al-Sadr
Styrkar
Koalisjonen:
~300 000 (mars 2003)
~177 000 (mars 2007)
Private tryggleiksstyrker:
~182 000 (118 000 irakiske, 21 000 amerikanske, 43 000 andre)[4]
Kurdiske troppar:
50 000 (mars 2003)
175 000 (mars 2003)
Ny-irakisk hær:
165 000
Irakisk politi:
227 000[5]
Irak under Saddam Hussein:

375 000+ regulære troppar


Irak etter Saddam Hussein:
Sunnioprørarar: Ukjent
Mahdi-hæren: ~60 000 [6] [7]
al-Qaida i Irak:
1 300+[8]

Irak-krigen var ein krig som byrja 20. mars 2003, då styrkar frå ein koalisjon leidd av USA under George W. Bush invaderte Irak og styrta Saddam Hussein. Krigen slutta offisielt den 31. august 2010, då den dåverande presidenten i USA, Barack Obama erklærte at alle stridshandlingar skulle avsluttast.[9] Dei siste amerikanske styrkane forlét landet den 18. desember 2011.[10] Etter dette har det framleis funne stad ei rekkje valdshandlingar mellom indre grupper i Irak.[11]

Krigføringa var svært omstridd. Før invasjonen hevda styresmaktene i USA og Storbritannia at Irak hadde masseøydeleggingsvåpen og utgjorde eit trugsmål mot dei sjølv eller deira allierte.[9][12] Dette synet fekk ikkje støtte i tryggingsrådet i SN, og ettersom Irak ikkje hadde gått til åtak mot USA, braut invasjonen folkeretten.[13] Det blei halde demonstrasjonar mot krigen over heile verda.[14]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Irak-krigen kan reknast som eit framhald av tidlegare konflikter mellom Irak og USA, som den første og andre Golfkrigen, og er blitt kalla den tredje Golfrigen. Viktigare er likevel plassen i krigen mot terror, som USA byrja etter terroråtaka 11. september 2001. Åtak med miltbrann-infiserte brev i Washington i oktober 2001 retta søkelyset mot eit land som hadde hatt eit omfattande program for å utvikla av masseøydeleggingsvåpen på 1980- og 1990-talet, og som også hadde brukt kjemiske våpen.[15] Irak hadde vore råka av internasjonale sanksjonar og under oppsyn av SN sidan den andre Golfrigen.[16] Saddam Hussein hadde kasta våpeninspektørane ut av landet i 1998.[17] Han blei også kopla til Osama bin Laden og al-Qaida-nettverket. Etter invasjonen fann ein aldri prov for masseøydeleggingsvåpen eller samarbeid med al-Qaida.[13]

Forløp[endre | endre wikiteksten]

Irak opna for våpeninspeksjon frå UNMOVIC hausten 2002. Det blei ikkje funne prov på at landet hadde masseøydeleggingsvåpen. USA la så fram ein rapport for tryggingsrådet til SN som slo fast at landet framleis hadde biologiske våpen og vidtrekkjande rakettar, og at det var fem år frå å utvikla kjernevåpen. Fleire land var kritiske til militær handling, og USA valde saman med Storbritannia og Spania å stilla eit ultimatum utan støtte frå SN: Landet ville gå til åtak mot Irak om ikkje Saddam Hussein og sønene hans forlét landet innan 48 timar frå 17. mars. USA byrja sin «Operation Iraqi Freedom» med å bomba Bagdad, halvannan time etter enden av tidsfristen.[16]

Invasjonen fann stad 20. mars 2003, og møtte liten motstand. Allereie 9. april hadde amerikanske styrkar innteke Bagdad, og Saddam Hussein hadde flykta. 1. mai erklærte George W. Bush krigshandlingane som avslutta, og meinte neste fase skulle bestå av stabilisering.[10] Saddam Hussein blei fanga ved Tikrit den 13. desember 2003.[10] Han blei seinare stilt for retten i Irak og dømt til døden.[13] Amerikanarar overlét styringa til irakarar, leidd av Iyad Allawi, i januar 2004.[13]

Situasjonen i Irak var likevel alt anna enn stabil. Motstanden var stor, både mot okkupasjonsmakta og i høve til indre grupper. Militsar slost mot koalisjonsstyrkene og mot kvarandre. I tillegg til trugsmåla om vilkårleg vald og bombeåtak, leid befolkninga i Irak også under langvarig mangel på elektrisitet og vatn.[13]

Drapa i Haditha på 24 sivile av amerikanske marinesoldatar fann stad den 19. november 2005.

I løpet av 2004 fann to store slag stad i Fallujah. Det første var i april og det andre og blodigaste i november. Fleire hundre sivile, over tusen motstandssoldatar og over 100 koalisjonssoldatar døydde.[9] 2004 var også året då amerikansk mishandling av fangar ved Abu Ghraib-fengselet utanfor Bagdad blei avslørt. Dette, saman med andre overgrep mot sivile, auka lokal og global misnøye med stoda i Irak.[13]

I januar 2005 blei det gjennomført val på ny nasjonalforsamling.[17] Valet blei boikotta av sunnimuslimar, slik at dei andre store gruppene i landet, sjiamuslimar og kurdarar, fekk mykje politisk makt.[13] I 2005 fann det stad 478 sjølvmordsåtak i landet, det største talet noko år i krigen.[9]

Ein amerikansk soldat instruerer irakiske soldatar som del av «Operation New Dawn».

Bombeåtaket mot sjiaheilagdommen Al-Askaria i Samarra den 22. februar 2006 innleidde blodige gjengjeldingsaksjonar som førte til fleire hundre drap over dei neste dagane. Frykta for at Irak kunne gå inn i ein borgarkrig auka. For å få kontroll på situasjonen auka president Bush talet på amerikanske soldatar i Irak med 30 000 i første halvdel av 2007. Tidsrommet frå april til juni 2007 blei det dødelegaste for amerikanske soldatar, med 331 drepne. Den auka innsatsen, eit fornya samarbeid med lokale stammeråd og ein strategi som gjekk ut på å vinna tilbake omdømet frå befolkninga, fekk ned tala på drepne i 2008. Hausten 2008 blei USA og det irakiske parlamentet einige om ei gradvis tilbaketrekking som skulle fullførast i 2011.[13] Koalisjonsstyrkene la vekt på å trena irakarar til å ta over tryggleiksoppgåvene i landet sjølve.[9] 5. august 2007 hadde alle danske soldatar forlate Irak. Dei fleste britiske soldatane forlét landet 30. april 2009. I 2010 fekk den amerikanske operasjonen i Irak nytt namn, «Operation New Dawn», som symbol på at stridshandlingane var over.[9] Ettersom ein ikkje hadde oppnådd nokon avtale om å la nokon amerikanarar vera att for å trena irakarar vidare, forlét dei siste amerikanske styrkane Irak den 18. desember 2011.

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Då amerikanarar forlét Irak i desember 2011 hadde over 100 000 sivile irakarar døydd.[treng kjelde]. 4 487 amerikanske, 179 britiske og 139 andre koalisjonssoldatar døydde i løpet av konflikten.[treng kjelde] Fleire tusentals var skadde.[18] I september 2012 blei framleis dødelege åtak førte inn på nettstaden Iraq Body Count.[19] Ei ny studie estimerer at rundt 460.000 døydde i perioden frå 2003 til 2011,[20] men talet er usikkert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «US flag ceremony marks formal end of Iraq war role» - BBC News, 15. desember 2011
  2. «America confronts reality in Iraq» – MSNBC, 19. august 2006
  3. «Annan: Life for Iraqis worse than with Saddam» – MSNBC, 4. december 2006
  4. «Private contractors outnumber U.S. troops in Iraq». T. Christian Miller. Los Angeles Times. July 4, 2007; Michelle Roberts, «Contractor deaths add up in Iraq», Deseret Morning News. Feb. 24, 2007.
  5. Chris Collins (August 19, 2007), «U.S. says Iranians train Iraqi insurgents», McClatchy Newspapers, http://www.mcclatchydc.com/iraq/story/19049.html 
  6. Nasrawi, Salah; Katherine Shrader (2006-12-08), Saudis reportedly funding insurgents, Seattle Times, http://seattletimes.nwsource.com/html/iraq/2003467318_iraqsaudi08.html 
  7. Ricks, Thomas E.; Ann Scott Tyson (2007-01-11), Intensified Combat on Streets Likely, Washington Post, http://www.washingtonpost.com/wp-dyn/content/article/2007/01/10/AR2007011002581_pf.html 
  8. Pincus, Walter. «Violence in Iraq Called Increasingly Complex». Washington Post, 17. november 2006.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 «Last US troops withdraw from Iraq - Timeline», BBC News, 14 December 2011, http://www.bbc.co.uk/news/world-us-canada-16183966 
  10. 10,0 10,1 10,2 «Timeline: Invasion, surge, withdrawal; U.S. forces in Iraq», Reuters, Dec 18, 2011, http://www.reuters.com/article/2011/12/18/us-iraq-usa-pullout-idUSTRE7BH08E20111218 
  11. «Deadly blasts hit Baghdad, Kirkuk and other Iraq cities», BBC News, 19 April 2012, http://www.bbc.co.uk/news/world-17766616 
  12. «In Their Own Words: Iraq's 'Imminent' Threat», Center for American Progress, January 29, 2004, http://www.americanprogress.org/issues/kfiles/b24970.html 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 13,6 13,7 «Irak», Globalis (FN-sambandet), http://www.globalis.no/Konflikter/Irak 
  14. Protester over hele landet, 22.03.2003, http://www.dagbladet.no/nyheter/2003/03/22/364656.html 
  15. PJ Crowley (15 December 2011), «Viewpoint: Taking stock of Iraq», BBC News, http://www.bbc.co.uk/news/world-us-canada-16190415 
  16. 16,0 16,1 «Irak - historie», Store Norske Leksikon, 19.03.2012, http://snl.no/Irak/historie 
  17. 17,0 17,1 «Irak», Store Norske Leksikon, 19.03.2012, http://snl.no/Irak 
  18. «Iraq war in figures», BBC News, 14 December 2011, http://www.bbc.co.uk/news/world-middle-east-11107739 
  19. http://www.iraqbodycount.org/
  20. Hagopian, A. et al., Mortality in Iraq Associated with the 2003–2011 War and Occupation: Findings from a National Cluster Sample Survey by the University Collaborative Iraq Mortality Study, plosmedicine.org.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]