Wikipedia-diskusjon:Vekas dugnad

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tidlegare framlegg til dugnad:

  1. Sjå nærare på ein av artiklane i vekas artikkel-lista og gjere dei betre. Mine favorittar:
    1. Hindi
    2. Finnmark
    3. Odin (evt. andre gudar)
    4. ...

Nytt framlegg (men først til neste veke) ...

  1. Grønland (historie, arkeologi, språk)

Trondtr 26. april 2006 kl. 20:00 (UTC)

  1. Me bør skriva om narkotika. Alt frå lim til LSD og heroin. Alt eg finn no er ein spire om heroin. Finn heller ikkje ikkje emnet under Wikipedia:Artiklar vi bør ha eller Wikipedia:Ynskjelista. Veit ikkje om dette er rette staden å posta dette ynskjet, men eg gjer det no her.

Grunngjeving: Narkotika er truleg det vanlegaste emnet å ha gruppeoppgåver om i ungdomsskulen. Om me skal gjera eitt enkelt grep for å verta ein viktig nynorskspråkleg ressurs for skuleungdom, må det vera å skriva om narkotika.

Sigbjørn 18. oktober 2006

Det går fint an å ta ein dugnad på det, kanskje med utgangspunkt i ein artikkel om narkotika -- me må jo byrja ein stad. For å samordna slike tiltak går det an å starta eit Wikiprosjekt. Dei er ikkje alltid så veldig effektive, så det er ikkje slik at ein starta eit. -- Ranveig 10:53, 19 oktober 2006 (UTC)

Vekas dugnad (veke 43)[endre wikiteksten]

Eg vil føreslå ein slik dugnad:

Målsetjing: Ha artiklar om narkotika som er gode, enkle og moralistiske nok til at ungdomsskuleelevar har ei god kjelde til prosjektarbeid.

Gjeremål:

  • Betra og illustrera artikkelen om narkotika
  • Fullføra artikkelen om cannabis
  • skriva korte artiklar om amfetamin, ecstasy, heroin, kokain, LSD og gjerne nokre til.

--Sigbjørn 18:56, 22 oktober 2006 (UTC)