Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar/Søvn hjå dyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Søvn hjå dyr[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

For meg ser dette ut som eit solid artikkel, men eg må legga til at eg ikkje kjenner dette fagfeltet. Sigmundg 8. januar 2009 kl. 18:23 (CET)[svar]


Eg synst definisjonane i artikkelen er litt uklare. Dersom ein ha eit nervesystem for å kunne sova, bør vel det stå i punktlista over kriterium for å kalla åtferd søvn? Det hadde kanskje vore riktigare å skriva at tydeleg søvnåtferd berre er observert hjå organismar med nervesystem, utan at eg har noko vidare til oversikt over kva slags forskning som er gjort på emnet. Avsnittet "Forsking på søvn si rolle i læring og minne viser motstridige resultat.[6][7] Likevel veit ein at somme dyr som vert hindra frå å sove, døyr etter circa to veker.[8]" er dessutan litt misvisande då det gjev inntrykk av at siste setninga har noko med den førre å gjera - det er fullt mogleg å leva godt og vel utan å ha evne til læring og minne.
For virvellause dyr generelt er emnet særs tynt dekka, men det kjem nok heller av at det er gjort lite forskning på svevn hjå desse. Nokre formuleringar heng litt i lause lufta. Kvifor er bananflugene rekna som så særskild enkle? Kvifor er det vanskeleg å studera virvellause dyr elektrofysiologisk? Avsnittet kunne elles like gjerne døypast om til "søvn hjå leddyr", sidan det ikkje tek opp nokon andre slags organismar.
I underkapittelet om fisk og krypdyr er eg misnøgd med formuleringa "meir avanserte dyr"; karpefisk er godt tilpassa miljøet sitt og er ikkje særskild primitive korkje sett i høve til andre fisk, dyr generelt eller til virveldyr. "Krypdyr" er dessutan eit upresist omgrep å bruka, då ein ikkje kan definera gruppa etter moderne systematiske prinsipp utan å ta med fuglar i ho.
Når ein kjem ned til pattedyra ser ein igjen eit liknande problem som hjå fisken; ein snakkar om "meir høge pattedyr". Dette er misvisande; sjølv om kloakkdyra er den eldste gruppa pattedyr tyder ikkje det at evolusjonen har stoppa opp - dei kloakkdyra som lever i dag har både primitive (det vil seie opphavlege) og avanserte (det vil seie nyutvikla) trekk; og søvnmønstra deira kan vera begge delar.
Avsnitta om sjøpattedyr kan gje inntrykk av at dette er ei naturleg gruppe; noko ho ikkje er. Selane høyrer til rovpattedyra medan kvalane har oppstått innanfor klauvdyra. Skilnadar mellom gruppene i søvn kjem av liknande levesett heller enn lik avstamming, noko som ikkje kjem tydeleg fram av artikkelen.
Heilt til slutt saknar eg ein støtteartikkel om dvale. Dette er fysiologi og noko eg ikkje er særleg flink til sjølv, i motsett fall hadde eg skrive ho for lenge sidan.
For å oppsummera er hovudproblemet til artikkelen det utdaterte synet at dyr kan klassifiserast i "høgare" og "lægre" dyr. Dette inneber subjektive verdivurderingar og høyrer såleis ingenstads heime i ein vitskapsartikkel. Trass i kritikken vil eg likevel trekka fram artikkelen som særs god sett i høve til andre artiklar på nynorsk wikipedia; ein av dei beste generelle biologiartiklane me har. Det trengs lite anna enn eit par nye formuleringar her og der før han vert stempla som god i mi bok.
Med venleg helsing Gunnar 8. januar 2009 kl. 19:15 (CET), sjølvutnemnd djevelens advokat.[svar]
Kommentarar til kritikken frå Gunnar:
  • "Det hadde kanskje vore riktigare å skriva at tydeleg søvnåtferd berre er observert hjå organismar med nervesystem" -> Ser det ikkje som eit problem at det manglar, men det er omskrive.
  • "Forsking på søvn si rolle i læring og minne viser motstridige resultat.[6][7] Likevel veit ein at somme dyr som vert hindra frå å sove, døyr etter circa to veker.[8]" --> Omskrive
  • I underkapittelet om fisk og krypdyr er eg misnøgd med formuleringa "meir avanserte dyr"; --> Omskrive, men skulle gjerne lest «avanserte dyr».
  • "Krypdyr" er dessutan eit upresist omgrep å bruka, då ein ikkje kan definera gruppa etter moderne systematiske prinsipp utan å ta med fuglar i ho. --> Krypdyr er sikkert vitskapleg upresist, men er det relevant for eit allmennleksikon?
  • Sjøpattedyr: "Skilnadar mellom gruppene i søvn (hjå havpattedyr) kjem av liknande levesett heller enn lik avstamming, noko som ikkje kjem tydeleg fram av artikkelen" --> Skjønar ikkje problemet, kan legge inn: "Ettersom sjøpattedyr ikkje er ei naturleg gruppe er det heller ikkje overraskande at dei har løyst problemet med søvn på ulike måtar."
  • Støtteartikkel om dvale. -> Ser det ikkje som eit problem at det manglar, vi kan begynne med ei enkel utgåve.
Artikkelen har meir og betre innhald enn det ein kan vente å finne i eit leksikon som er skriven for allmenta. --Roar 15. januar 2011 kl. 14:33 (CET)[svar]


Røysting[endre wikiteksten]

For For--Sigmundg 8. januar 2009 kl. 18:23 (CET)[svar]

Imot Imot----Gunnar 8. januar 2009 kl. 19:15 (CET)[svar]

For For --Roar 15. januar 2011 kl. 14:33 (CET)[svar]

For For -- Knut 15. januar 2011 kl. 14:43 (CET) Merk spesielt det eksemplariske noteapparatet![svar]

For For Kritikken frå Gunnar er imøtegått. --Ranveig 16. januar 2011 kl. 15:51 (CET)[svar]

For For Fleinn 17. april 2011 kl. 01:42 (CEST)[svar]