Wikipedia:Sandkasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Wikipedia:Sand)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dette er sandkassa! Den er til for å eksprimentere med, i staden for at du brukar ei testside.
Snarvegar:
WP:Sand

Denne sida er for å gjera redigeringseksperiment. Her kan du prøve deg med å trykkje på endre, endre det du vil, og trykkje på Lagre når du er ferdig. Innhald som blir lagt til her blir fjerna med ujamne mellomrom.



Frode Berg-saka byrja med at den pensjonerte grenseinspektøren i Kirkenes, Frode Berg, vart pågripen og fengsla i Moskva for to månader den 6. desember 2017, skulda for brot på paragraf 276 i den russiske straffelova. Paragrafen handlar om spionasje, og skuldinga gjekk ut på kontakt med ein russar, Aleksej Zjitnjuk, som skulle overlevere hemmelege dokument med informasjon om den russiske marinen. I slutten av august 2018 trudde Berg sin russiske advokat at rettssaka ville byrja i oktober eller november, men etterforskinga vart ikkje avslutta før 30. november. [1] Mot slutten av 2018 såg det ut til at det kan drøya til ut i året 2019.[2]


Pågriping og fengsling[endre wikiteksten]

Berg vart pågripen 5. desember 2017 - på ettermiddagen[3].[4][4] Rosbalt rapporterte at Frode Berg hadde med seg to brev som sterkte mistanken mot han, og 3000 euro i kontantar då han vart gripen. [3] FSB, som arresterte han, meinte han hadde samband med Etterretningstenesta og CIA. Han vart ført til Lefortovo fengsel, der han etter kvart fekk kontakt med den norske ambassaden i Moskva. Familien til Berg fekk tilsett ein russisk forsvarar, Ilja Novikov, og det vart oppnemnd òg ein norsk forsvarar, Brynjulf Risnes. Som tolk vart der først oppnemd ein tidlegare kjenning av Berg, Anatolij Voznjuk, men han var tilsett i FSB og Berg ville ikkje fullt ut samarbeide i etterforskinga før Voznjuk vart skifta ut.[5][6]

Freistnader på å få Frode Berg ut av fengsel[endre wikiteksten]

Frode Berg har budd i Finnmark siden 1970-talet, men er opphaveleg frå Trondheim.[7] Ei støttegruppe for Frode Berg vart oppretta i Finnmark, og desse samla inn pengar til ymse tiltak for å lette situasjonen i fengselet. Han vart òg etterkvart innvilga fri rettshjelp, og det vart søkt om lauslating mot kausjon,[8] men det vart avslag både på anke til høgare rettsinstans og kausjon.[9] Fleire har teke til orde for at Noreg og Russland kan verte einige om at Frode Berg kan bytast mot ein russisk spion som er fengsla i eit tredje land, og Litauen er nemnd i denne samanhengen.[10] I samband med Mikhail Botsjkarev-saka i Noreg vart det òg skapt von om at Berg kanskje kunne bytast mot Botsjkarev dersom denne siste vart kjend skuldig i spionasje. Dette hende ikkje, og Botsjkarev vart sett fri fredag 19.okober 2018 og kunne reisa heim att til Russland. [11] Kva tykkjer colaen til skrede? [12]

Skuldingar not norsk etterretningsteneste[endre wikiteksten]

Den 22. april 2018 sa Frode Berg sine advokatar til NRK og Dagbladet at han var i Moskva på oppdrag frå den norske E-tenesta, og dei meinte at Berg hjelpte til å samle inn russiske statsløyndomar på vegne av E-tenesta allereie frå sumaren 2015.[13][14] I juli 2018 skreiv redaktøren i aldrimer.noDet kan godt hende at det er Etterretningstjenestens «problembarn» i avdeling E-D som har rota det til, og lurt tidligare grenseinspektør Frode Berg til å transportere 3000 Euro til Moskva. Frode Berg sine advokatar har opplyst at to nordmenn bad honom ta med pengane, for å postlegga dei i Russland», [15][16] Novikov meiner òg at det er høve til å tru at det er oppretta løynd direktekontakt mellom FSB og den norske etterretningstenesta.[17] Den russiske forsvararen sa òg til Dagbladet at Frode Berg var viss på at mannen han møtte i Oslo hausten 2017[18], og som bad han reise til Moskva å gjere det som førte til arrestasjonen og spion-siktelsen, jobba for den norske Etterretningstenesta. 62-åringen fekk òg ein mobiltelefon, som Aftenposten hevdar hadde krypteringsteknologi[19] [20]FSB meiner at dei kan bevisa at Berg skulle sende pengar til ein mann, V.A. Zemljakin,[21] som i retur skulle senda gradert informasjon om den russiske Nordflåten til ei adresse disponert av den norske E-tenesta.[22] TV2-journalisten Øystein Bogen meinar jamvel at der kan vere eit moldvarp på Lutvann.[23] Dagbladet såg denne saka i samband med Mikhail Botsjkarev-saka, og skrytte av norsk rettsvesen, men kritiserte norsk etterretning og PST fordi Botsjkarev var uskuldig.[24] Botsjkarev vart sett fri fredag 19.okober 2018.[25]

Referansar[endre wikiteksten]

  1. https://www.nordlys.no/krim/berg/russland/etterforskningen-ferdig-rettssaken-mot-frode-berg-starter-trolig-pa-nyaret/s/5-34-1015838
  2. Holm, Gro. «Frode Bergs advokat: – Rettssaken starter i oktober eller november». NRK (på bokmål). 
  3. 3,0 3,1 https://www.aftenposten.no/norge/i/0E7jGJ/Frode-Bergs-advokat-FSB-kan-ha-skjont-at-Berg-ville-trekke-seg Vitja 2018-05-06
  4. 4,0 4,1 https://www.dagbladet.no/nyheter/slik-var-frode-bergs-siste-timer-i-frihet/69762144 Vitja 2018-05-02
  5. [https://www.dagbladet.no/nyheter/frode-bergs- forsvarer-ber-om-a-fa-ny-tolk/69371861 «Frode Bergs forsvarer ber om å få ny tolk»] Check |url= value (hjelp). Dagbladet.no (på norsk). 23. januar 2018.  line feed character in |url= at position 46 (hjelp)
  6. Tønset, Arne Egil. [https://www.nrk.no/ finnmark/frode-bergs-advokat-tror-pa-en-diplomatisk-losning-1.13909077 «Frode Bergs advokat tror på en diplomatisk løsning»] Check |url= value (hjelp). NRK (på bokmål).  line feed character in |url= at position 20 (hjelp)
  7. universitet, Peter Haugseth, UiT - Norges arktiske (10. januar 2018). «Trønder i saksa i Moskva». adressa.no (på bokmål). 
  8. Johannesborg, Philip Andre. «Frode Berg får fri rettshjelp». NRK (på bokmål). 
  9. Vigsnæs, Maria Knoph. «Ingen løsning i sikte for Frode Berg – avslag på anke». NRK (på bokmål). 
  10. https://www.tv2.no/nyheter/9836885/. «Bergs russiske advokat Ilja Novikov har tro på en spionutveksling mellom Russland og Norge, og ein litauisk professor i statsvitenskap er blant dem som mener at Norge bør se til Baltikum for å få Berg hjem.» 
  11. https://www.nrk.no/norge/pst-trekker-anken-mot-spionsiktet-russer-1.14255548
  12. [true]
  13. «- Frode følte seg presset av Etterretningstjenesten». Dagbladet.no (på norsk). 22. april 2018. 
  14. https://www.dagbladet.no/nyheter/berg-siktelse-knyttes-til-ud-reise-til-st-petersburg/70557775
  15. https://www.aldrimer.no/hva-er-sannheten-om-spionsiktelsen-mot-frode-berg/. Vitja 2018-07-24
  16. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/4dkl4g/her-er-mannen-som-rekrutterte-frode-berg
  17. «- Hemmelig kontakt mellom FSB og E-tjenesten». Dagbladet.no (på norsk). 10. oktober 2018. 
  18. AS, TV 2. «Aftenposten: Frode Berg møtte E-tjenesten på hotell i Oslo». TV 2 (på norsk). 
  19. «Aftenposten: Frode Berg møtte E-tjenesten på hotell i Oslo». Henta 30. april 2018. «62-åringen fikk også en mobiltelefon, som ifølge Aftenposten hadde krypteringsteknologi som skulle begrense muligheten for avlytting.» 
  20. Fjeld, Iselin Elise. «Forsvarerne: Frode Berg var i Moskva på oppdrag for E-tjenesten». NRK (på bokmål). 
  21. Jentoft, Morten. «Frode Berg spiller ballen over til norske myndigheter». NRK (på bokmål). 
  22. «Forsvarerne:- Frode Berg var på oppdrag for E-tjenesten». Dagbladet.no (på norsk). 22. april 2018. 
  23. AS, TV 2. «To ubehagelige muligheter synes nærliggende». TV 2 (på norsk). 
  24. «Et latterlig kapittel, signert PST». Dagbladet.no (på norsk). 19. oktober 2018. 
  25. Svendsen, Christine. «PST trekker anken mot spionsiktet russer». NRK (på bokmål). 

Kjelder[endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre wikiteksten]