Wikipedia:Taksoboks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein taksoboks er ein tabell som skal finnast i kvar artikkel om biologiske artar og artsgrupper, og inneheld informasjon om den vitskaplege klassifiseringa av desse.

Boksen er delt opp i ulike delar.

  • Toppen inneheld eit vanleg namn for arten eller gruppa.
  • Deretter kjem gjerne eit bilete av eit typisk eksemplar.
  • Ei vitskapleg klassifisering som startar med riket det tilhøyrer og fortset ned til nivået det er snakk om.
  • For ein art, det vitskaplege namnet
  • For ei gruppe, stundom ei liste over artar eller undergrupper som tilhøyrer henne

Vanlegvis bruker ein «latinske» og ikkje norske namn til klassifiseringa, ettersom det sjeldan finst norske namn for alle nivåa.

Du kan bruka Mal:Infoboks biologi eller Mal:Taksoboks til å leggja inn ein taksoboks.