Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 20, 2024

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det skogfinske flagget.

Skogfinnar er ei etnisk gruppe som stammar frå finnar frå Savolax og Tavastland som slo seg ned i skogområda i Sverige og Noreg på begge sider av den svensk-norske grensa, hovudsakleg på 1500– og 1600-talet. Skogfinnar er ein av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg. Det finst kring 1,7 millionar svenskar og drygt ein halv million nordmenn med skogfinsk avstamming.

Skogfinnane lærte seg svensk eller norsk og vart tospråklege, men heldt lenge på den kulturelle særarten sin og det finske språket. Blandingsekteskap vart vanlege tidleg. Ved slutten av 1700-talet hadde skogfinnane i stor grad vorte assimilerte inn i den svenske eller norske kulturen, ein prosess som var nærast fullstendig fullført ved byrjinga av 1900-talet. Les meir …