Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 21, 2024

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå ei framføring av La Serva Padrona

Italiensk opera er både kunstforma opera i Italia og opera skriven på italiensk. Operasjangeren oppstod i Italia rundt år 1600, og italiensk opera har halde fram med å spela ei to viktig rolle innan forma sidan. Dafne (1597) av Jacopo Peri er den eldste komposisjonen ein reknar som ein opera etter dagens definisjon. Opera fekk ei viktig ny retning då han nådde Republikken Venezia, der det fyrste offentlege operahuset, Teatro di San Cassiano, blei opna i 1637. Mange kjende operaer på italiensk blei skrivne av utanlandske komponistar, som Händel, Gluck og Mozart. Verk av innfødde italienske komponistar frå 1800- og det tidlege 1900-talet, som Rossini, Bellini, Donizetti, Verdi og Puccini, er nokre av dei best kjende operaene skrivne nokon sinne, og blir framleis framførte ved operahus over heile verda. Les meir …