Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 32, 2021
Utsjånad
Sjølvavleggar er ei jordbruksmaskin som slår kornet, samlar det og legg det på marka, i høveleg store buntar for å binda band av. Dei batt ikkje buntane saman til band, slik som dei seinare sjølvbindarane gjorde.
At ein slapp å skjera eller slå kornet førte til at innhaustinga gjekk mykje fortare, noko som gjorde det mogleg å hausta åkeren i rett tid. Der det var ustabile vêrtilhøve kunne ein slik få kornet i hus før det vart øydelagt av regn. Men kornet måtte framleis bindast og settast til tørk (på den nordamerikanske prærien, der sjølvavleggarar fyrst kom i bruk vart ikkje banda sette på staur). Det trongst fire-fem personar for å binda og setta banda til tørk. Så det var framleis mykje manuelt arbeid forbunde med skuronna. Les meir …