Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 38, 2019

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Vestbreidda

Vestbreidda er eit landområde nær middelhavskysten i Vest-Asia som utgjer størstedelen av Dei palestinske territoria. Vestbreidda deler grense i vest, nord og sør med staten Israel, og i aust, på andre sida av Jordanelva, med Jordan. Vestbreidda har òg ei lengre kystlinje langs vestsida av Daudehavet. Namnet «Vestbreidda» er ei omsetjing av det arabiske uttrykket ad-Daffa al-gharbiya, om området vest for Jordanelva som i 1948 vart okkupert og administrert av Jordan. Jordan hevda dei hadde annektert området i 1950. Namnet vart valt for å skilje vestbreidda av Jordanelva frå «Austbreidda» av elva.

I juni 1967 vart Vestbreidda og Aust-Jerusalem erobra av Israel under seksdagarskrigen. Med unntak av Aust-Jerusalem og det tidlegare israelsk-jordanske ingemannslandet, vart ikkje Vestbreidda annektert av Israel, men har vore under israelske militær kontroll og vert omtalt som Judea- og Samaria-området av Israel. Sidan Osloavtalen i 1993 har Den palestinske sjølvstyresmakta offisielt kontrollert eit geografisk usamanhengande område som utgjer kring 11 % av Vestbreidda (kalla Område A) som har vore utsett for israelske streiftog. Område B (kring 28 %) er underlagt både israelsk militærkontroll og palestinsk sivil kontroll. Område C (kring 61 %) er under full israelsk kontroll. Ifølgje Den internasjonale straffedomstolen endrar ingen avtalar mellom Israel og dei palestinsk styresmaktene sidan 1993 på at desse territoria, inkludert Aust-Jerusalem, framleis er «okkupert territorium» med Israel som «den okkuperande makta». Les meir …