Jordanelva
Jordanelva | |||
hebraisk: נהר הירדן, Nehar haYarden, arabisk: نهر الأردن, Nahr al-Urdun | |||
elv | |||
Namneopphav: Hebraisk: ירדן (yardén, av ירד yarad, å stige nede)[1] | |||
Land | ![]() ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Regionar | Vest-Asia, Kysten av Aust-Middelhavet | ||
Distrikt | Galilea | ||
Landemerke | Galileasjøen | ||
Lengd | 251 km | ||
Kjelde | |||
- stad | Anti-Libanonfjella ved Hermon, Golanhøgdene | ||
- høgd | 2 814 moh. | ||
![]() Jordanelva | |||
Wikimedia Commons: Jordan River | |||
Jordanelva, eller berre Jordan, er ei 251 km lang elv i Midtausten. Elva har utspring i Anti-Libanonfjella ved Hermon, og renn gjennom den jordanske Riftdalen via Genesaretsjøen i Galilea i Israel. Ho renn sørover til ho munnar ut i Daudehavet, som ingen elver renn ut frå.
Elva utgjer grensa mellom Jordan i aust og Palestina og Vestbreidda i vest. Vestbreidda av Jordanelva vart okkupert av Israel etter seksdagarskrigen i 1967.
Jordanelva er den viktigaste ferskvasskjelda i området. Det er strid om kva land og folkegrupper som får nytta seg av ferskvatnet i elva. Statane Israel, Libanon, Syria, Jordan og i tillegg dei palestinske sjølvstyresmaktene har alle interesse av å nytta vatnet i vassdraget.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Sideelvar[endre | endre wikiteksten]
- Hasbani (arabisk الحاصباني Hasbani, hebraisk שניר Snir), som flyt frå Libanonfjella.
- Baniaselva (arabisk بانياس Banias, hebraisk חרמון Hermon), spring ut ved Banias ved foten av Hermon.
- Dan (hebraisk דן Dan, arabisk اللدان Leddan), spring ut ved foten av Hermon.
- Iyon (hebraisk עיון Iyon, arabisk دردره Dardara eller براغيث Braghith), som flyt frå Libanon.
Elveleie[endre | endre wikiteksten]
Elva fell raskt i løpet av 75 km til den myrlendte Hulasjøen, som ligg like over havnivå. Ut frå innsjøen fell elva mykje meir i løpet av dei 25 km ned til Genesaretsjøen. Siste delen av elva fell slakare, og elva dannar meander før ho munnar ut i Daudehavet, kring 422 meter under havnivå, som ikkje har noko utløp. To store sideelvar kjem inn frå aust i denne sist delen: Yarmouk og Zarqaelva.
Delen nord for Genesaretsjøen (hebraisk כנרת Kinneret, arabisk: Bohayrat Tabaraya) ligg innfor grensene til Israel, og dannar vestgrensa mot Golanhøgdene. Sør for innsjøen dannar ho grensa mellom kongedømet Jordan (i aust) og Israel.
Ei bibelsk elv[endre | endre wikiteksten]
Elva blir omtalt spreidde stader i Bibelen, mellom anna som kjelda til «Guds hage», ei stor, fruktbar slette. Ho er òg omtala som grenseelva mellom «to stammar og den halve stammen» i aust og «ni stammar og halve Manassestammen» som leia av Josva busette seg på Vestbreidda.
Jesus skal ha vorte døypt i elva då han var kring 30 år.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Jordanelva like sør for Bnot Ya'akov-brua (mai 2009)
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Klein, Ernest, A Comprehensive Etymological Dictionary of the Hebrew Language for Readers of English, The University of Haifa, Carta, Jerusalem, p.264
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Jordanelva
- Riftdalen
- Elvar i Bibelen
- Stader i det nye testamentet
- Katolske pilegrimsstader
- Heilage elvar
- Elvar i Israel
- Elvar i Jordan
- Elvar i Syria
- Geografi på Vestbreidda
- Internasjonale elvar i Asia
- Elvar på Vestbreidda
- Turisme i Jordan
- Den fruktbare halvmånen
- Den israelsk-jordanske grensa
- Den israelsk-syriske grensa
- Grensa til Vestbreidda
- Grenseelvar