Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 39, 2015
Obo er eit treblåseinstrument som nyttar dobbelt røyrblad og er stemd i C. Han vart utvikla frå skalmeiene som var mykje brukt i mellomalderen og renessansen. Oboen vart til tidleg på 1600-talet og er eit av dei eldste instrumenta i treblåsfamilien. Namnet obo kjem frå det franske hautbois som tyder 'høgt' eller 'ljost tre'. På 1700-talet vart ein annan variant av oboen òg brukt, og denne varianten vart kalla «obo d'amore». Ein som speler obo er kalla ein «oboist».
Oboen er om lag 60 cm lang, og ein får dei ulike tonane ved å tette eller opne klaffar. På 1800-talet vart klaffesystemet støtt utvikla til det systemet oboen har i dag. Oboen var eit av de fyrste treblåsinstrumenta som fekk fast plass i symfoniorkesteret.
Ljoden til oboen er klår og trengjer lett gjennom andre instrument, noko som kjem av at oboen nyttar dobbelt røyrblad og at instrumentet er kjegleforma, til skilnad frå til dømes fløyter og klarinettar som er sylinderforma. Grunna det doble røyrbladet kan berre små endringar i munnstillinga skape store skilnader i klangen. I samspel blir oboen ofte brukt som det instrumentet som gjev stemmetonen. Ljoden er skildra som «ei and dersom anda var ein songfugl». Les meir …