Symfoniorkester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dublin filharmoniske orkester under ein konsert.
Pittsburgh symfoniorskester stilt opp med instrumenta sine.

Eit symfoniorkester er eit stort orkester, der musikarane spelar instrument innanfor instrumentgruppene strykeinstrument, treblåseinstrument, messingblåseinstrument og slagverk. Eit moderne symfoniorkester tel ofte oppimot hundre musikarar (av og til over hundre), medan eit typisk 1700-talsorkester talte langt færre utøvarar. Ein dirigent leiar musikarane gjennom øvingar og har hovudansvar for interpretasjon og tolking; under konserter står han eller ho på eit podium og dirigerer musikarane ansikt til ansikt.

Instrumentgruppene[endre | endre wikiteksten]

Strykarar i Vancouver Symphony Orchestra med dirigent Bramwell Tovey.

Strykarar[endre | endre wikiteksten]

Strykarane er dei mest talrike instrumenta i symfoniorkesteret. Kontrabassane har det djupaste registeret, deretter følgjer cello, bratsj og fiolin; til saman femnar strykarane heile registeret. Hos strykeinstrumenta oppstår tonen først når strengene blir strokne med ein boge som set dei i regelmessige svingingar. Førstefiolinisten blir kalla konsertmeister og er den kunstneriske talsmannen til musikarane i høve til dirigenten. Kvar strykargruppa har òg sin gruppeleiar som bestemmer kva retning bogen skal bli ført under bestemte parti.

Treblåsarar[endre | endre wikiteksten]

Instrumenta blir kalla treblåsarar fordi det før i tida var vanleg å laga desse instrumenta av tre. I dag blir dei òg laga av andre material. Fløyta er ofte laga av sølv (sølvlegering). Plast og ebonitt er òg mykje brukt på nokre av instrumenta. Hardt tre er likevel det viktigaste materialet i fleire av treblåsarinstrumenta og utgjer kjernen i instrumentet. Hos alle treblåsarinstrumenta oppstår lyden ved at luft blir blåst inn i instrumentet, som vidare set i gang regelmessige svingingar. Obo var eit av dei første treblåsinstrumenta som fekk fast plass i symfoniorkesteret.

Messingblåsarar[endre | endre wikiteksten]

Messingblåsarane har til liks med treblåsarane fått namnet sitt etter det materialet dei opphavleg er laga av. Messing er naturleg nok det viktigaste materialet. Overflata av instrumenta er ofte belagt med sølv, gull eller nikkel. I symfoniorkesteret tel messingblåsarane forholdsvis få instrument, men stemmane er kraftige og gir mykje klang. Tonen oppstår når luftsøyla inne i instrumentet blir sett i regelmessige svingingar.

Slagverk[endre | endre wikiteksten]

Slagverkgruppa i RTV Slovenija symfoniorkester.

Slaginstrumenta er den yngste gruppa i symfoniorkesteret. Oppgåva deira er å skapa og framheva rytmen. Slaginstrumenta har for ein stor del sitt opphav i ei rekkje primitive instrument. Dei blei først laga av gjenstandar frå naturen som umiddelbart kunne gi lyd, til dømes hole trestokkar, fruktskal, hovudskal, stein og skjel.

I symfoniorkesteret er det berre eit lite utval av slaginstrumenta som har fått plass. I starten var det berre pauke og tromme som blei brukt, men i seinare tid har slaginstrumenta blitt fleire.

Instrumenta i orkesteret[endre | endre wikiteksten]

Strengeinstrument:

 

Treblåseinstrument:

 

Messinginstrument:

 

Perkusjon:

Andre instrument[endre | endre wikiteksten]

Andre instrument er ikkje standard i orkesteret, men kan bli tatt inn ved visse høve. Eksempel på slike instrument er saksofon, flygelhorn, kornett, eufonium, glasharmonika, wagnertuba, trekkspel, theremin, mandolin og gitar. For eksempel opptrer saksofonar i eit avgrensa repertoar frå det 19. og 20. hundreåret. Mens dei i enkelte tilfelle berre blir nytta som soloinstrument, som i Maurice Ravels orkestrering av Modest Mussorgskijs Bilete på ei utstilling, inneheld andre av Ravels verk, som hans Bolero, orkesterstemmar der saksofonen er ein del av ensemblet. I tillegg finn ein eufonium i nokre stykke frå romantikken og kunstmusikk frå det 20. hundreåret, og kornettar opptrer i balletten Svanesjøen av Tsjajkovskij, La Mer av Claude Debussy og i mange orkesterverk av Hector Berlioz. Med mindre desse instrumenta blir spelt av medlemmar i orkesteret som eit andreinstrument (for eksempel ein trombonist som byter til eufonium for ein spesiell passasje), bruker orkestra frilansmusikarar for å kunne spela verk som krev instrumentalistar som dei ikkje har i staben. I mange tilfelle av moderne musikk blir òg elektriske instrumenter som mellom anna elektrisk gitar/bass, synthesizer og båndspelar brukt.

Leiarskap[endre | endre wikiteksten]

Symfoniorkesteret blir leia av ein dirigent, men mellom instrumentgruppene og innan kvar gruppe instrument, er det eit generelt akseptert hierarki av leiarskap. Kvar instrumentgruppa (eller seksjon) har ein førsteinstrumentalist (eller solist) som vanlegvis er ansvarleg for å spela soloar i gruppa og leia ho. Fiolinistane er delte i to grupper, førstefiolin og andrefiolin, og har derfor to solistar.

Gruppeleiaren til førstefiolinane blir kalla konsertmeister og leiar ikkje berre strykeseksjonen men heile orkesteret, og har berre dirigenten over seg. Trombonanes gruppeleiar er leiar for den djupe messingseksjonen (trombone, basstrombone, tuba), mens gruppeleiaren i trompetrekkja vanlegvis leier heile messingseksjonen. Tilsvarande er gruppeleiaren til oboane (eller nokre gonger fløytane) leiar for heile treblåsarseksjonen. Valthornet er teknisk sett eit messinginstrument, men har ofte rolla som både treblås- og messinginstrument.

Norske profesjonelle symfoniorkester[endre | endre wikiteksten]

Alle desse orkestra har heiltids fast tilsette musikarar.

Andre viktige symfoniorkester i Noreg[endre | endre wikiteksten]

(ungdomsorkester, amatørorkester, semi-profesjonelle orkester etc)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]