Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 40, 2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsnitt av stratovulkan

Stratovulkan, òg kalla komposittvulkan, er ein høg, kjegleforma vulkan som består av mange lag med størkna lava, tefra og vulkansk oske. Desse vulkanane er karakterisert av bratte fjellsider og periodiske, eksplosive utbrot. Lavaen som renn frå dei er viskøs og vert avkjølt og størknar før han renn langt bort. Kjelda til magma i denne steinen vert klassifisert som sur eller høgt innhald av silisiumdioksid til intermediær (rhyolitt, dacitt eller andesitt). Dette er i kontrast til mindre visøke basisk magma som dannar skjoldvulkanar (som Mauna Loa på Hawaii), som er breiare og ikkje er så bratte.

Sjølv om stratovulkanar stundom vert kalla komposittvulkanar nyttar vulkanologar hovudsakleg uttrykket statovulkan for å skilje blant vulkanane, fordi alle vulkanar uansett storleik har ein kompositt (lagdelt) struktur. Altså er dei bygd lagvis med masse spydd ut frå utbrot på utbrot. Les meir …