Rhyolitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Et eksemplar av ryolitt.

Rhyolitt, ryolitt (eller liparitt) er ein ekstrusiv magmatisk bergart med felsisk samansetnad. Ryolitt har gjerne lys farge, ofte blåleg grå med lyse striper, og han vert derfor ofte kalla årekvarts. Han vanlegvis samansatt av mineral som kvarts, feltspat og plagioklas. Ryolitt har stort sett same kjemiske samansetnad som granitt. Dersom ryolitten vert avkjølt for raskt, vert det ikkje nok tid til å få danna krystall, og i staden vert det vulkansk glas, kalla obsidian. Ved langsamare avkjøling vert det danna mikrokrystallinske strukturar.

Mikrokrystallinsk ryolitt kan ha tilnærma same spaltingseigenskapar som flint, og vart som denne brukt i steinalderen til å tildanne våpen og reiskapar. Slik ryolitt opptrer ganske sjeldan, men på Siggjo i Bømlo kommune i Hordaland, er det ein stor førekomst. Her har det i yngre steinalder vore brote ryolitt over flere dekar, og lekamar og avslag med dette materialet er funne på buplassar over heile det sørlege vestlandsområdet. Rhyolitt er elles ein særs utbreidd bergart, men opptrer i vesentleg mindre mengder enn basaltiske lavaer. Han finst i den sentrale norske fjellkjeda, særleg i Trondheimsfeltet og på Stord, og dessutan i Telemark og i Oslofeltet.

Liparitt er kalla opp etter Dei lipariske øyane i Italia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]