Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 45, 2021
Billy Joel (fødd 1949) er ein amerikansk pianist, songar-låtskrivar og komponist. I 1970-, 1980-, og 1990-åra hadde Joel i alt 33 hittar i USA på topp 40-lista, alle skrivne av han sjølv. Han har vunne Grammyprisen seks gonger og vore nominert 23 gonger gjennom karrieren sin. Han har selt meir enn 150 millionar album verda over, noko som gjer han til ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene.
Joel vart innlemma i Songwriters Hall of Fame (1992), Rock and Roll Hall of Fame (1999) og Long Island Music Hall of Fame (2006). I 2001 fekk Joel Johnny Mercer-prisen frå Songwriters Hall of Fame. I 2013 fekk Joel Kennedy Center Honors, den høgaste æresprisen i USA, for å ha påverka amerikansk kultur gjennom musikken sin. Med unntak av songane «All My Life» og «Christmas in Fallujah» i 2007, stoppa Joel å skrive og gje ut musikk i 1993 med River of Dreams. Han har likevel halde fram å turnere og spelar songar frå heile karrieren sin på konsertane. Les meir …