Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 52, 2021

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framføring av 1812-ouverturen med kanonskot ved Washington-monumentet i 2008.

1812-ouverturen er ein konsertouverture i Ess-dur skriven i 1880 av den russiske komponisten Pjotr Iljitsj Tsjajkovskij til minne om det vellukka russiske forsvaret av landet under invasjonen til Napoleon sin Grande Armée i 1812. Den mislukka invasjonen og den katastrofeprega tilbaketrekkinga til den franske hæren markerte eit vendepunkt i Napoleonskrigane. Verket vart fyrst framført i Moskva den 20. august 1882 (juliansk dato 8. august). Han vart dirigert av Ippolit Al'tani i eit telt i nærleiken av den nesten ferdigbygde Frelsaren Kristus-katedralen, som også vart reist til minne om forsvaret av Russland i 1812.

Ouverturen er rundt 15 minutt lang. Han er eit døme på programmusikk, musikk som er komponert for å få fram stemningar og scener hjå dei som høyrer på. Stykket er best kjent for klimakset sitt med kanoneld, ringande klokker og ei fanfareending med messingblåseinstrument. Verket er blitt vanleg å framføra saman med større fyrverkeri-oppvisingar i samband med den amerikanske sjølvstendedagen. 1812-ouverturen er blitt eit av dei mest populære verka til Tsjajkovskij, i lag med ballettmusikken hans til Nøtteknekkaren, Tornerose og Svanesjøen. Les meir …