Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 37, 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nedslagskrateret Tycho på månen. Foto: NASA

Eit nedslagskrater, meteorittkrater, krater, er vanlegvis ei sirkelforma fordjuping på overflata til ein planet, ein måne eller ein asteroide som har blitt forårsaka av ein kollisjon med ein mindre himmellekam, til dømes ein meteoritt. På jorda dannast ofte ein kratersjø i eit sånt krater og i større nedslagskrater dannast ofte ei øy eller til og med ein ring av øyar i senteret til krateret.

Nedslagskrater finst på nesten alle himmellekamar og sidan talet på nedslagskrater aukar med tida og endrar utsjånaden til terrenget, kan ein gjennom å rekne antalet nedslagskrater fastsette alderen på dette terrenget. Likevel blir det med tida oppnådd ei jamvekt der eldre krater blir sletta i same takt som nye kjem til. Les meir…

Førre tre veker: Den spanske borgarkrigenAberdeenSovjetisk språkpolitikk