Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 38, 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjarte med koarktasjon

Koarktasjon er ei forsnevring (stenose) på livpulsåra. På medisinsk latin heiter det coarctatio aortae av cum ihop og arctare snøra, aorta livpulsåra. Innsnevringa bremsar straumen av blod frå hjartet til underkroppen. Som regel er forsnevringa sist på bogen (latin arcus aortae), rett etter avgangen av arteria subclavia sinister. Ho er ein medfødd hjartefeil som kan forekomme isolert eller i samband med andre feil, og utgjer fem til åtte prosent av alle medfødde hjartefeil. Koarktasjon av aorta blei første gong skildra av Johann F. Meckel den eldre i 1750. Les meir...

Førre tre veker: NedslagskraterDen spanske borgarkrigenAberdeen