Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 47, 2004

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gambe på Isenheimer-altaret

Gambe er eit strykeinstrument med tverrband, flat botn og ters-/kvartstemming som var særleg populært i renessansen og barokken. Gambefamilien er nært i slekt med vihuela, rebec, gitar og liknande instrument.

Instrumentet har truleg sine røter i gitaren. Ein tenkjer seg at nokre gitaristar byrja å spela med boge ein gong på 1400-talet. Dette førte etter kvart til utviklinga av eit heilt nytt instrument med mange av særtrekka til gitaren (flat botn, tverrband), men som vart stroke i staden for klimpra. Dette instrumentet vart først halde på same viset som ein gitar, men vart seinare halde loddrett — anten kvilande på fanget eller halde mellom beina som ein cello. Den sistnemnde måten gav opphav til namnet viola da gamba, som er italiensk for «knefele». Namnet gambe er ei kortform av det italienske namnet. Les meir