Gambe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gambe er eit strykeinstrument med tverrband, flat botn og ters-/kvartstemming som var særleg populært i renessansen og barokken. Gambefamilien er nært i slekt med vihuela, rebec, gitar og liknande instrument.

Fire medlemmer av gambefamilien frå Syntagma musicum.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Ein teori: Opphav i gitaren[endre | endre wikiteksten]

Instrumentet har truleg sine røter i gitaren. Ein tenkjer seg at nokre gitaristar byrja å spela med boge ein gong på 1400-talet. Dette førte etter kvart til utviklinga av eit heilt nytt instrument med mange av særtrekka til gitaren (flat botn, tverrband), men som vart stroke i staden for klimpra. Dette instrumentet vart først halde på same viset som ein gitar, men vart seinare halde loddrett — anten kvilande på fanget eller halde mellom beina som ein cello. Den sistnemnde måten gav opphav til namnet viola da gamba, som er italiensk for «knefele». Namnet gambe er ei kortform av det italienske namnet.

Forelda teori: Føregjengar til fiolinfamilien[endre | endre wikiteksten]

Nokre kjelder har hevda at gamben er føregjengaren til fiolinfamilien, men det finst ikkje historisk grunnlag for dette. Fiolinen har heilt ulikt opphav og vart under renessansen mykje lågare verdsett enn gamben.

Om instrumentet[endre | endre wikiteksten]

Tverrband og ters-/kvartstemming[endre | endre wikiteksten]

Gamben har, som nemnt, tverrband som ein gitar. (Men desse tverrbanda er, i motsetnad til på moderne gitarar, flyttbare påknytte band av tarmstrenger.) Ein gambe har vanlegvis seks strenger, men nokre eksemplar med fem strenger finst òg. Ei låg sjuande streng (''A) vart lagt til på bassgamben av den franske gambisten Sainte Colombe, som var lærar åt mange av dei franske gambevirtuosane på 1700-talet. I motsetnad til dei fleste medlemmene av fiolinfamilen, som normalt er stemde i kvintar, er ein gambe normalt stemt i kvartar med ein stor ters i midten, på same vis som på lutt og på liknande vis som gitaren.

Boge[endre | endre wikiteksten]

Bogen blir halden med underhandsgrep og er normalt noko konveks (rund) som ein tidleg barokk fiolinboge heller enn konkav (innoverbøygd) som ein moderne fiolinboge.

Storleikar[endre | endre wikiteksten]

Gamben finst i fire hovudstorleikar:

  1. Diskantgambe (Stemming: d g c' e' a' e")
  2. Altgambe/Tenorgambe (Stemming: G' C F A d g)
  3. Tenorgambe/Bassgambe (Stemming: D G c e a d') (og, frå Saint Colombe si tid: ''A nedst)
  4. Violone (Stemming: ein oktav under alt-/tenorgambe)

Nærskylde instrument[endre | endre wikiteksten]

Gamben er nært i slekt med strykeinstrumenta viola d'amore og baryton.

Skordatur[endre | endre wikiteksten]

Andre stemmingsmåtar enn dei nemnde ovanfor har stundom vore bruka — særleg i samband med den solistiske lyra viol-spelestilen, som òg omfatta teknikkar som akkordspel og pizzicato (klimpring i staden for stryking) — teknikkar som normalt ikkje vart bruka i consortspel. Ein uvanleg pizzicatostil var kjend på engelsk som «thump». Lyra viol-musikk var ofte skriven med tabulatur, og det finst svært mykje repertoar; noko av kjende komponistar, men det meste anonymt.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Consort[endre | endre wikiteksten]

Gambar var vanlege blant amatørar, og i mange velståande heimar fanst det ei såkalla gambekiste som kunne innehalde ein eller fleire gambar av kvar storleik. Gambeensemble, såkalla consorts, var vanlege på 1600- og 1700-talet. Ein typisk consort spela gjerne vokalmusikk (consort-songar, hymnar, madrigalar) såvel som original instrumentalmusikk. Consortmusikken var svært populær i England i tida kring dronning Elizabeth I, med komponistar som Wiliam Byrd, John Dowland; og under styret til kong Charles I med komponistar som John Jenkins og William Lawes. Den siste musikken spesifikt skriven for gambeconsort føre tidleg musikk-rørsla i moderne tid vart truleg skriven på 1680-talet av Henry Purcell.

Læreverk[endre | endre wikiteksten]

Gambe på Isenheimer-altaret (1506-1515)

Det finst fleire viktige utgreiingar om gamben. Den første var skriven av Silvestro Ganassi: Regola Rubertina & Lettione Seconda (1542/3). Diego Ortiz gav ut Tratado de Glosas (Roma 1553), ei viktig bok på gamberepertoaret med mange eksempel på ornamentering og musikkstykke kalla “Recercadas”. I England skreiv Christopher Simpson den viktigaste utgreiinga som kom ut i andre utgåva som tospråkleg engelsk/latinsk i 1667. Attast i denne boka finst det divisjonar (ornamenterte variasjonsverk) som utgjer eit svært gjevande repertoar. Litt seinare England skreiv Thomas Mace utgreiinga Musick's Monument, som dreier seg mes om luttspel, men som òg har ein viktig bolk om gamben. Etter dette viser dei franske utgreiingane av Rousseau, Danoville (1685) og Loulie (1700) vidare utvikling av speleteknikken.

Bassgamben i høg- og seinbarokken[endre | endre wikiteksten]

Bassgamben fortsette å bli bruka som soloinstrument og, saman med cembaloet, som generalbassinstrument inn på 1700-talet. På denne tida hadde gamben opparbeidd seg ry som eit arkaisk og høvisk instrument. Komponistar som Marin Marais, Johann Sebastian Bach og Carl Friedrich Abel var blant dei siste til å skrive musikk for gambe. Med større konsertsalar og endra musikksmak var den kraftigare tonen til fiolinfamilien meir i tråd med tidsanden, og gamben gjekk stort sett or bruk.

Tidleg musikk-rørsla[endre | endre wikiteksten]

Frå tidleg på 1900-talet har gamben vorte teken i bruk att av tidleg musikk-entusiastar. Ein tidleg pådrivar for dette var Arnold Dolmetsch.

Filmen Tous les Matins du Monde regissert av Alain Corneau er basert på liva åt Sainte Colombe og Marin Marais, med gambemusikken deira i hovudsetet.