Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 6, 2013

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jetstraum over Canada.

Ein jetstraum er ein rask, relativt smal luftstraum som ein finn i atmosfæren til enkelte planetar. På jorda ligg hovudjetstraumen i toppen av troposfæren, nær tropopausen. Dei blir danna på grensa mellom to luftmassar med forskjellig temperatur, slik som over polarfronten der varm tropisk luft møter kald polar luft. Denne polarjetten er den kraftigaste jetstraumen, rundt 7-12 km over havet. Lenger mot ekvator har ein subtropiske jettar rundt 10-16 km over havet. Det finst ein polarjet og subtropisk jet på både den nordlege og den sørlege halvkula. Polarjetten på den nordlege halvkula ligg over midlare til høge breidder over Nord-Amerika, Europa og Asia, medan den sørlege polarjetten hovudsakleg krinsar rundt Antarktis året rundt.

Jetstraumar oppstår av ein kombinasjon av oppvarming av atmosfæren (ved solstråling, og på somme andre planetar enn jorda av indre varme) og rotasjonen til planeten rundt sin eigen akse. Dei oppstår nær grensene mellom to luftmassar med signifikant forskjellig temperatur.

Meteorologar nyttar plasseringa av jetstraumane i vêrvarsling. Jetstraumen er òg viktig for flyreiser, sidan flytida kan verte dramatisk påverka av å fly med eller imot jetstraumen. Les meir …