Wildschönau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oberau i Wildschönau

Wildschönau er ein kommune i distriktet Kufstein i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 97,4 km² og i kring 4 200 ibuarar. Kommunesenteret Oberau ligg 936 meter over havet, seks kilometer sør om Wörgl.

Kommunen omfattar dei fire kyrkjebygdene Niederau, Oberau, Auffach og Thierbach og ein del spreidde gardsbruk, og ligg i ein 24 km lang dal i Kitzbüheleralpane. Turisme er hovudnæring i kommunen, både sommar og vinter. På det feltet legg aktørane i Wildschönau vekt på å skilje seg ut frå den hektiske ski-valfartsstaden i nærliggande Kitzbühel. Landbruk spelar òg ei økonomisk rolle. Mange ibuarar pendlar til arbeid i andre kommunar.

Gruvedrift var i lang tid ei viktig næring i Wildschönau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]