Wilfred Bungei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wilfred Bungei
Osaka07 D7A Wilfried Bungei cropped.jpg
Fødd 24. juli 1980
Kabirirsang
Yrke mellomdistanseløper
Wilfred Bungei på Commons

Wilfred Bungei (fødd 24. juli 1980) er ein kenyansk friidrettsutøvar som spesialiserte seg på 800 meter. Han vart olympiske meister på distansen i 2008. Bungei sin personlege rekord er 1.42,34.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bungei kom på andreplass på 800 m under friidretts-VM 2001 i Edmonton, sveitsaren André Bucher vart verdsmeister. Året etter gjorde Bungei sitt livs raskaste 800 m då han i Rieti kom i mål på 1.42,34, ei tid i den absolutte verdstoppen.

Bungei deltok så ved Sommar-OL 2004 i Aten, der han vart femtemann på spesialdistansen. Ved VM i friidrett 2005 i Helsinki endan ha på fjerdeplassen. Han fekk sin fyrste siger i eit internasjonalt meisterskap då innandørs-VM 2006 fann stad i Moskva. Under VM i friidrett 2007 i Osaka vart han som i OL 2004 nummer fem.

Bungei sin største triumf kom i Sommar-OL 2008 i Beijing. Her gjorde han sitt beste løp for sesongen og vann gullmedaljen på tida 1.44,65, like framom sølvvinnar Ismail Ahmed Ismail frå Sudan, 1.44,70, og tre andre løparar.

Han la opp i 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]