André Bucher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

André Bucher (fødd 19. oktober 1976) er ein sveitsisk tidlegare friidrettsutøvar frå Neudorf i Luzern som tevla på mellomdistansane. Hans største triumf var sigeren på 800 meter under VM 2001 i Edmonton. Same sesongen vann han ein del av hovudpremien i Golden League-turneringa. Også bestetida 1,42,55 presterte han i 2001-sesongen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bucher deltok i Sommar-OL 1996 på spesialdistansen 800 meter, der han vart slått ut i semifinalane. Også i VM 1997 rauk han ut i semifinalane. I EM i friidrett 1998 i Budapest tok han seg greitt til finalen på 800 m, der han vann sølvmedaljen med sveitsisk rekordtid, 1.45,04, tyske Nils Schumann vann tevlinga. Nummer to på 800 m vart han også i unversiaden 1999, medan han i verdsmeisterskapen same året enno ein gong vart utslått i semfinalane.

Under dei olympiske sommarleikane 2000 vart André Bucher nummer fem i 800-finalen, i eit løp der han i siste sving vart mykje forstyrra av italienaren Andrea Longo, så mykje at italienaren vart diskvalifisert.

Bucher feira sin største triumf i 2001 då han vart verdsmeister på 800 m. Under meisterskapen i Edmonton var han heilt suveren, dei andre medaljevinnarane kom i mål kring ni tidels sekund bak. Vel ei veke etter VM-triumfen sprang han i Zürich i mål på rekordtida 1.42,55, sveitsisk rekord til denne dag (2015). Gjennom 2001-sesongen vann han fem av 800-meterløpa i Golden League-stemna og dermed ein del av hovudpremien. Til sist i sesongen sigra han i IAAF-finalen.

Frå 2002 vart Bucher meir og meir plaga av ulike slitasjeskadar. Han lukkast likevel kapre sølvmedaljen på 800 under EM i friidrett 2002 i München, eit reint lureløp som vart vunne av Wilson Kipketer som representerte Danmark. 2005-sesongen vart Buchers siste som toppidrettsutøvar.

Både 2001 og 2002 vart Bucher vald til årets idrettsutøvar i Sveits.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]