Wilhelm Christophersen
Utsjånad
| Wilhelm Christophersen | |||
| | |||
| Fødd | 15. desember 1832 Brevik | ||
|---|---|---|---|
| Død | 26. juli 1913 (80 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Venstre | ||
| Yrke | politikar, jurist, diplomat | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
| Verv | Norsk utanriksminister 19. mars 1908–2. februar 1910 | ||
| Føregangar | Jørgen Løvland | ||
| Etterfylgjar | Johannes Irgens | ||
| Alle verv |
| ||
Wilhelm Christopher Christophersen (fødd 15. september 1832 i Brevik, død 26. juli 1913 Christiania)[1] var ein norsk jurist, diplomat og politikar (V).
Han var utanriksminister i Gunnar Knudsen si første regjering frå 19. mars 1908 til 2. februar 1910.[2]
Christophersen vart cand.jur. i 1859. Han tenestegjorde i den norsk-svenske utanrikstenesta, og var sentral i utarbeidinga av «lov om konsulatvæsen» – lova som medverka til unionsoppløysinga i 1905.[1]
Han har fått Mount Wilhelm Christophersen i Antarktisk kalla opp etter seg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Wilhelm Christophersen i Norsk biografisk leksikon
- ↑ Biografisk informasjon om Wilhelm Christophersen ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
- Denne artikkelen bygger på «Wilhelm Christophersen» frå Wikipedia på bokmål, den 19. april 2013.