Norske utanriksministrar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
UD-bygningen i Victoria terrasse

Den norske utanriksministeren er medlem av regjeringa i Noreg og sjef for Utanriksdepartementet. Saman med statsministeren er utanriksministeren den einaste av regjeringsmedlemmane som har tittelen minister, dei andre medlemmane har tittelen statsråd.

Vedtaket om å opprette Utanriksdepartementet blei gjort same dag som Noreg erklærte at Unionen med Sverige var oppløyst, 7. juni 1905. I unionstida hadde det svenske utanriksdepartementet varetatt utanrikssakene for både Sverige og Noreg. Det norske utanriksdepartementet starta si verksemd den 15. juni 1905. Jørgen Løvland blei den første utanriksministeren. Noreg kunne likevel ikkje sende ut diplomatar, eller på andre måtar opptre som ein utanrikspolitisk aktør, før landet var anerkjent internasjonalt som ein sjølvstendig stat. Anerkjenninga var avhengig av ein formell og reell sanksjon frå Kong Oscar. Inntil denne kom 26. oktober 1905 skulle norske utanriksinteresser framleis bli varetekne av svenske ambassadar og konsulat.

Arbeidet for ein eigen norsk utanriksrepresentasjon (Konsulatsaka) var ei av dei avgjerande konfliktane mellom Noreg og Sverige i dei siste åra til unionen. Historikarane er likevel ueinige om dette i seg sjølv var ei viktig sak for norske politikarar, eller om saka blei brukt som påskot i arbeidet for ei oppløysning av unionen.

Utanriksdepartementet, forkorta UD, handsamar saker vedkomande Noreg sitt tilhøve til framande makter, internasjonale organisasjonar, utanrikshandel, kulturelt samkvem med utlandet og Noreg sitt tilhøve til utviklingslanda. Departementet har sidan opprettinga hatt sine kontor i Victoria terrasse. Staten kjøpte bygget i 1913. Den nyaste delen av kvartalet, mot 7. juni-plassen, blei bygd i 1963.

Utanriksminister Løvland formulerte 28. oktober 1905 det første norske utanrikspolitiske manifestet, av og til kalla Løvland-doktrinen:

«Oppgaven må være å holde oss utenfor deltagelse i de kombinasjoner og allianser som kan dra oss inn i krigseventyr med noen av de europeiske krigerstater»

Halvard Lange er den utanriksministeren som har sete lengst, frå 1946 til 1965, gjennom fire regjeringar, følgt av Knut Frydenlund sine ni år i fire regjeringar. Nils Claus Ihlen sat i sju år, frå 1913 til 1920. Arbeiderpartiet sin utanrikspolitiske troika Knut Frydenlund, Thorvald Stoltenberg og Johan Jørgen Holst etterfølgde kvarandre som ministrar frå 1974 til 1994, avbrote av to borgarlege regjeringar. Utanriksministeren er vanlegvis statsministeren sin stadfortredar.

Norske utanriksministrar[endre | endre wikiteksten]

Liste omfattar alle norske utanriksministrar sidan Utanriksdepartementet blei oppretta i 1905, i samband med Noreg si lausriving frå unionen med Sverige.


Namn Frå Til Parti Regjering
Jørgen Løvland 1905 1908 Venstre Michelsen (V, H, MV, L)
Løvland (V, FV, MV, L)
W. C. Christophersen 1908 1910 Venstre Knudsen 1 (V)
Johannes Irgens 1910 1913 Høgre Konow (H, FV)
Bratlie (H, FV)
Nils Claus Ihlen 1913 1920 Venstre Knudsen 2 (Venstre)
Christian Fredrik Michelet 1920 1921 Høgre Bahr Halvorsen 1 (H, FV)
Arnold Christopher Ræstad 1921 1922 Venstre Blehr 2 (V)
Johan Ludwig Mowinckel 1922 1923 Venstre Blehr 2 (V)
Christian Fredrik Michelet 1923 1924 Høgre Bahr Halvorsen 2 (H, FV)
Berge (FV, H)
Johan Ludwig Mowinckel 1924 1926 Venstre Mowinckel 1 (Venstre)
Ivar Lykke 1926 1928 Høyre Lykke (H, FV)
Edvard Bull 1928 1928 Arbeidarpartiet Hornsrud (Ap)
Johan Ludwig Mowinckel 1928 1931 Venstre Mowinckel 2 (V)
Birger Braadland 1931 1933 Bondepartiet Kolstad (Bondep.)
Hundseid (Bondep.)[1]
Johan Ludwig Mowinckel 1933 1935 Venstre Mowinckel 3 (V)
Halvdan Koht 1935 1940 Arbeidarpartiet Nygaardsvold (Ap)[2]
Trygve Lie 1940 1946 Arbeidarpartiet Nygaardsvold (Ap)
Gerhardsen 1 (Saml.)
Gerhardsen 2 (Ap)[3]
Halvard Lange 1946 1963 Arbeidarpartiet Gerhardsen 2 (Ap)
Torp (Ap)
Gerhardsen 3 (Ap)
Erling Wikborg 1963 1963 Kristeleg Folkeparti Lyng (H, Sp, V, KrF)
Halvard Lange 1963 1965 Arbeidarpartiet Gerhardsen 4 (Ap)
John Lyng 1965 1970 Høgre Borten (Sp, H, V, KrF)
Svenn Stray 1970 1971 Høgre Borten (Sp, H, V, KrF)
Andreas Cappelen 1971 1972 Arbeidarpartiet Bratteli 1 (Ap)
Dagfinn Vårvik 1972 1973 Senterpartiet Korvald (KrF, Sp, V)
Knut Frydenlund 1973 1981 Arbeidarpartiet Bratteli 2 (Ap)
Nordli (Ap)
Brundtland 1 (Ap)
Svenn Stray 1981 1986 Høgre Willoch 1 (H)
Willoch 2 (H, KrF, Sp)
Knut Frydenlund 1986 1987 Arbeidarpartiet Brundtland 2 (Ap)
Thorvald Stoltenberg 1987 1989 Arbeidarpartiet Brundtland 2 (Ap)[4]
Kjell Magne Bondevik 1989 1990 Kristeleg Folkeparti Syse (H, KrF, Sp)
Thorvald Stoltenberg 1990 1993 Arbeidarpartiet Brundtland 3 (Ap)
Johan Jørgen Holst 1993 1994 Arbeidarpartiet Brundtland 3 (Ap)
Bjørn Tore Godal 1994 1997 Arbeidarpartiet Brundtland 3 (Ap)
Jagland (Ap)
Knut Vollebæk 1997 2000 Kristeleg Folkeparti Bondevik 1 (KrF, Sp, V)
Thorbjørn Jagland 2000 2001 Arbeidarpartiet Stoltenberg 1 (Ap)
Jan Petersen 2001 2005 Høgre Bondevik 2 (KrF, H, V)
Jonas Gahr Støre 2005 2012 Arbeidarpartiet Stoltenberg 2 (Ap, Sp, SV)
Espen Barth Eide 2012 2013 Arbeidarpartiet Stoltenberg 2 (Ap, Sp, SV)
Børge Brende  2013  2017 Høgre Solberg (H, FrP)
Ine Marie Eriksen Søreide  2017  2021 Høgre Solberg (H, FrP, V)
Anniken Huitfeldt 2021 no Arbeidarpartiet Støre (Ap, Sp)

Portrett[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nils Trædal, (Bondepartiet), var fungerande utanriksminister 29. februar 1932 - 10. mars 1932
  2. Administrasjonsrådet sin formann Ingolf Elster Christensen var ansvarleg for saker vedkomande Utanriksdepartementet (ikkje-politiske saker) 15. april 1940 - 25. september 1940
  3. Oscar Torp, (Arbeidarpartiet), var som medlem av Regjeringsdelegasjonen fungerande sjef for Utanriksdepartementet 14. mai 1945 - 31. mai 1945
  4. Johan Jørgen Holst, (Arbeidarpartiet), var fungerande utanriksminister 26. februar 1987 - 9. mars 1987

Kjelder[endre | endre wikiteksten]