Wilhelm Morgenstierne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wilhelm Morgenstierne
Wilhelm Hermann Ludvig von Munthe af Morgenstierne (1855–1938).jpg
Fødd 27. desember 1855
Død

1. januar 1939

Wilhelm Hermann Ludvig von Munthe af Morgenstierne (27. desember 18551939) var ein norsk offiser. Bredo Morgenstierne var bror hans.

Morgenstierne vart offiser i infanteriet i 1877 og gjorde 1882-1907 teneste i generalstaben. Tida 1891-1907 underviste han ved krigsskulen, medan han som militærstipendiat vitja den gresk-tyrkiske krigen 1897. I 1907 forfremja til oberst. Frå 1912 generalmajor og sjef for 4. brigade i Bergen og samstundes kommandant på Bergenhus til 1923.

Morgenstierne var elles formann 1888-92 i Norsk Husflids Venner og 1889-93 sekretær i Den Norske Turistforening. Han gav ut bøkene Foredrag over den tysk-franske krig 1870-71 i 1894 og Uddrag av Norges krigshistorie i 1906. Frå 1885 til 1910 var han utgjevar av den årlege Norges militærkalender.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]