William Accambray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Accambray


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 8. april 1988 (36 år)
Cannes
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen

William Accambray (fødd 8. april 1988) er ein fransk handballspelar som i perioden 2010 til 2015 vart olympisk meister og to gongar europameister og like mange gongar verdsmeister med Frankrike sitt sigerrike landslag. Åra frå 2006 til 2017 vann han ni seriepokalar og sju cup-pokalar i fransk klubbhandball. Accambray er venstre rykkromspelar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Accambray deltok perioden 2009-17 i 105 av Frankrike sine landskampar, skåra 223 mål. Han vart europameister 2010, verdsmeister 2011 og olympisk meister 2012. I 2014 vann han EM-gull nummer 2. Han var benkeslitar i Handball-VM 2017, ein meisterskap der vertslandet Frankrike slo Noreg i finalen.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Frå 2005 til 2014 var Accambray Montpellier-spelar. Her var han med på å vinne seks seriemeisterskap og like mange nasjonale cupfinalar. Deretter gjorde han i tre sesongar teneste i Paris Saint-Germain, alle desse tre åra sikra han og laget seg pokalen i den franske seriemeisterskapen, våren 2015 vart PSG også cupmeister. Åra 2017-20 veksla han frå ungarske Veszprém til slovenske Celje og belarusiske Brest Mesjkov. Sidan spelte han 2020-23 for Pays d’Aix i heimlandet.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL-gull: 2012 med Frankrike
  • VM gull: 2011, 2017 med Frankrike
  • EM-gull: 2010, 2014 med Frankrike
  • Fransk seriemeister: 2006, 2008, 2009, 2010, 2011, 2012 for Montpellier og 2015, 2016, 2017 for PSG
  • Fransk cupmeister: 2006, 2008, 2009, 2010, 2012, 2013 for Montpellier og 2015 for PSG
  • Belarusisk seriemeister: 2020 for Brest Mesjkov

Kjelder[endre | endre wikiteksten]