William H.H. Lyons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
William H.H. Lyons
Fødd 31. juli 1843
Død

27. mars 1924 (80 år)

Yrke politikar

William Henry Holmes Lyons (31. juli 184327. mars 1924) var ein framståande nordirsk unionist og toppleiar i Orangeordenen. Han vart fødd i Belfast og vart High Sheriff of Antrim i 1904.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter oppvekst i Belfast, vart Lyons send til Harrow School og til Frankrike for utdanning. Han satsa på militær karriere, og fekk gode eksamensresultat, men på grunn av ein synsskade kunne han ikkje få nokon karriere i hæren. Lyons gifta seg seint, i 1888, og fekk tre døtrer og ein son.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Det oppfatta trugsmålet om irsk heimestyre (Home Rule), gjorde at det utkrystalliserte seg eit Ulster Unionist Party, til skilnad frå det gamle Irish Unionist Party. Kimen til dette kom alt i 1882-åra då det vart skipa eit Ulster Unionist Council, der Lyons var blant dei 20 som sat i den fyrste faste komiteen (standing committee).[1] I 1922 vart han utnemnd til kongelege rådet (Privy Council) for Irland [2]

Lyons gjorde ogso karriere innan Orangeordenen og The Royal Black Institution. I Orangeordenen vart han stormeister i Grand Orange Lodge of Ireland i 1915, og han var framståande medlem i The Royal Black Institution i femti år, blant anna som Imperial Grand Master for Imperial Grand Black Chapter of the British Commonwealth.[3]

Då han døydde i 1924 uttrykte den irske storlosjen som Lyons då hadde vore stormeister i omlag ni år for dette om Lyons:

He was more than a Grand Master. For forty-five years he has been a leader, who by his personality. high courage, and iron determination, upheld successfully the great traditions of our Association.[4]

Toppleiinga i den irske Orangeordenen rekna med andre ord som ein Orangeleiar sidan 1870/80-talet. Framstillinga av viljestyrke - iron determination er og talande i ein organisasjon som hadde vilje og evne til å bruka makt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. John Harbinson: The Ulster Unionist Party 1882-1973. Its development and organisations. Belfast, Blackstaff Press 1974 s. 24 ISBN 85640-076-9
  2. «Central Chancery of the Orders of Knighthood». Belfast Gazette (74). 1 December 1922. s. 685. Henta 9 March 2019. 
  3. «Welcome ->The Royal Black Institution». Arkivert frå originalen 2002-06-06. Henta 4. april 2014. 
  4. R.M. Sibbett: Orangeism in Ireland and throughout the Empire. Volume II. Period 1828-1938. London, Thynne & Co Ltd 1939, s. 666.