William Wallace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Wallace

Fødd3. april 1270
FødestadElderslie, Renfrewshire
Død23. august 1305
DødsstadSmithfield
MorMargaret Crawford
FarMalcolm Wallace
EktefelleMarion Braidfute

Sir William Wallace (fødd ca. 1270 i Paisley i Skottland, død 23. august 1305 i London) var ein skotsk nasjonalhelt og regent i Skottland frå 1297 til 1298.

Den engelske kongen Edvard I hadde i 1296 okkupert Skottland. Wallace leidde året etter ein revolt, og okkupantane kunne fordrivast. Wallace vart utropa til skotsk regent, men tapa regentskapen alt følgjande året på grunn av militær motgang (sjå Den skotske fridomskrigen). Wallace vart tvinga til å fly, men vart teken til fange den 5. august 1305 av engelskmennene, og vart nokre veker seinare avretta under grufulle omstende.

Wallace vart ført i lenkjer til London, dømd til døden for høgforræderi. Han vart levande hengd, så spretta opp og til slutt halshogd på torget i Smithfield i London. Det var ei normal straff for såkalla svikarar på denne tida, og Wallace levde enno då øksa fall.

Ein minneplakett sit på St. Barts sjukehus ved Smithfield i London, nær staden han vart avretta. Wallace-monumentet frå 1800-talet er reist på Abbey Craig i Skottland.

Wallace som helt vart filmatisert i Braveheart med Mel Gibson i hovudrolla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia, artikkel med same namnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: William Wallace