Wienkvartettane av Mozart
Wienkvartettane er seks strykekvartettar, K. 168-173, komponerte av Wolfgang Amadeus Mozart seint i 1773 i Wien.
Desse kvartettane vert rekna som eit langt steg fram frå Milanokvartettane, som vart laga mindre enn eit år tidlegare. Kvar kvartett består av fire satsar, inkludert menuettar og trioar. Mozart hadde høyrt nylege kvartettar av Joseph Haydn og nytta mange av elementa deira.[1]
Wienkvartettane[endre | endre wikiteksten]
Kvartett nr. 8 i F-dur, K. 168[endre | endre wikiteksten]
- Allegro
- Andante
- Menuetto
- Allegro
Den langsame satsen i F-moll er ein kanon på det kjende temaet som vart nytta i finalen til Haydn sin Op. 20-kvartett i same toneart. Finalen er ein fuge som liknar ein av finalane i Op. 20, denne gongen A-dur-kvartetten.[1]
Kvartett nr. 9 i A-dur, K. 169[endre | endre wikiteksten]
- Molto allegro
- Andante
- Menuetto
- Rondeau (allegro)
Kvartett nr. 10 i C-dur, K. 170[endre | endre wikiteksten]
- Andante
- Menuetto
- Un poco adagio
- Rondo - Allegro
Opningssatsen er eit tema og ein variasjon med eit tema som liknar variasjonstemaet nytta i Haydn sin Kvartett Op. 9, nr. 5 i B. Den andre frasen i den langsame satsen inneheld opningsteamet frå Haydn sin Op. 9 nr. 4 i D-moll.[1]
Kvartett nr. 11 i Ess-dur, K. 171[endre | endre wikiteksten]
- Adagio - Allegro - Adagio
- Menuetto
- Andante
- Allegro assai
Kvartett nr. 12 i H-dur, K. 172[endre | endre wikiteksten]
- Allegro spiritoso
- Adagio
- Menuetto
- Allegro assai
Kvartett nr. 13 i D-moll, K. 173[endre | endre wikiteksten]
- Allegro moderato
- Andante Grazioso
- Menuetto
- Allegro moderato
Starten på menuetten er den same som menuetten til Haydn i hans Op. 9 nr. 4 i D-moll.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Viennese Quartets (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. februar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Heartz, Daniel, Haydn, Mozart, and the Viennese School, 1740-1780. W.W. Norton & Company (ISBN 0393965333), p. 564-567 (1995).
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Quartett in F KV 168: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Quartett in A KV 169: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Quartett in C KV 170: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Quartett in Es KV 171: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Quartett in B KV 172: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Quartett in d KV 173: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- String Quartet No. 8: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- String Quartet No. 9: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- String Quartet No. 10: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- String Quartet No. 11: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- String Quartet No. 12: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- String Quartet No. 13: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.