Witwatersrandbassenget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gullmalm frå Witwatersrandbassenget

Witwatersrandbassenget er eit sedimentasjonsbasseng i Witwatersrand i Gauteng-provinsen i Sør-Afrika med den største førekomsten av gull i verda. Hjartet av afrikansk gullgruveindustri finst i Johannesburg-området og strekkjer seg over i Free State-provinsen.

Berggrunnen i Witwatersrand består av prekambrisk konglomerat og sandstein. Sedimenta er avsett i grunthav- eller kystmiljø. Forvitringsprodukt av avsetningane er transportert med elvar til eit nytt, resyklert sedimentasjonsbasseng slik at metalla er oppkonsentrert.

Nesten halvparten av alt gull kjem frå Witwatersrand. Førekomsten vart først påvist nær Johannesburg i 1886. Gullet finst i tynne band. Gruvene er opptil 3050 meter djupe. Savukagruva er den djupaste gullgruva i verda på 3777 meter.

Sjølv om mange av gruvene er uttømt i dag, produserer Witwatersrandførekomsten framleis mesteparten av gullet i Sør-Afrika, i tillegg til mesteparten av dei totale uttaka i verda. I 1998 vart det utvunne 474 tonn gull (20 % av verdsproduksjonen), som var det lågaste sidan 1956. Sølv og iridium er biprodukt, og området har òg kolgruver.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]