Johannesburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johannesburg
Joburg top.jpg
Motto
«Unity in Development»
Styresmakter
Land
Provins
Sør-Afrika
Gauteng
Grunnlagd 1886
Geografi
Flatevidd
 - By

1 644 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik

3 225 608
  1 962/km²
Koordinatar 26°12′″S 28°4′″EKoordinatar: 26°12′″S 28°4′″E
Høgd over havet 1 753 m
Tidssone SAST (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: www.joburg.org.za
Plassering
Joburg in ZA.png

Johannesburg, òg kalla eGoli (gullstaden) av svarte afrikanarar, er den største byen i Sør-Afrika. Byen vert òg kalla «Joburg», «Jozi» og «JHB» av sørafrikanarar. Johannesburg er hovudstad i provinsen Gauteng, den rikaste provinsen i Sør-Afrika og i heile Afrika sør for Sahara. Byen er ein av dei 40 største storbyområda i verda, og den einaste byen i Afrika som offisielt vert kalla ein verdsby. Mange reknar ofte feilaktig med at Johannesburg er hovudstad i Sør-Afrika, men dei tre hovudstadane i landet er Bloemfontein, Cape Town og Pretoria, som berre ligg nokre 100 km frå Johannesburg. Den sørafrikanske forfatningsdomstolen, høgsteretten i Sør-Afrika, ligg derimot i byen.

Johannesburg er eit handelssentrum for gull og diamantar på grunn av plasseringa si i det mineralrike fjella Witwatersrand. I Johannesburg ligg òg O.R. Tambo internasjonale lufthamn, den største og travlaste flyplassen i Afrika, og innfallsport for vidare reiser i det sørlege Afrika.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I følgje ei folketeljing i 2001 bur det meir enn 3 millionar menneske i byen. Johannesburg dekkjer eit område på 1 644 km², som er svært stort samanlikna med andre byar, og derfor vert folketettleiken berre 1 962/km². Folketalet i Stor-Johannesburg er nesten 8 millionar. Johannesburg omsluttar òg Soweto i sørvest, eit bydistrikt som apartheidregjeringa etablerte for å huse dei mange fremmedarbeidarane i byen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Johannesburg ligg på det høge platået i austlege delar av Sør-Afrika, heile 1 753 meter over havet. Klimaet er tørt, sjølv om det oppstår regnbyger om ettermiddagen mellom oktober og april.

Middeltemperaturen ligg på rundt 27 °C på sommaren og 20 °C på vinteren. Ein har minusgrader og frost innimellom, men dette skjer relativt sjeldan. Årsnedbøren ligg på mellom 600 og 800 millimeter, og dei største mengdene kjem på sommaren.