Woking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Woking

Sentrum
Sentrum
Plassering
Woking is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Surrey
Distrikt Woking
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

62 796
Koordinatar 51°18′″N 0°33′″WKoordinatar: 51°18′″N 0°33′″W
Diverse annan informasjon
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Woking

Woking er ein by i grevskapet Surrey i England. Han ligg i den vestre delen av grevskapet, omkring 30 minutt med tog frå London. Ein stor del av folkesetnaden pendlar anten til London eller til Heathrow lufthamn. Byen har kring 60 000 innbyggjarar, men i lag med Byfleet har dei i lag kring 105 000 innbyggjarar.

Byen oppstod rundt ein jernbanestasjon som vart anlagt på 1800-talet]for å fungere som krysningspunkt mellom to jernbanelinjer. Den eine av dei gjekk til Brookwood gravlund, som vart oppretta av London Necropolis Company som avlastningskyrkjegard for London. Woking fekk seinare det første krematoriet i Storbritannia, i 1878.

Det finst planar om å flytte grevskapsadministrasjonen for Surrey til Woking. Han ligg per i dag i Kingston, men den byen er overflytta frå Surrey til Stor-London.

Den mest kjende fotballklubben i byen er Woking F.C.. Fotballspelaren Michael Hale er frå Woking. Ein annan kjend person frå Woking er H.G. Wells, som i boka si Krigen til klodane lét marsbuarane lande i byen. Det er reist ein statue av ein marsbuar – etter skildringa til Wells – i sentrum.

Den første moskéen til Storbritannia ligg i Woking.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]