Woleu-Ntem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Woleu-Ntem
provins
Symbol
Land  Gabon
Kart
Woleu-Ntem
1°17′26″N 11°50′08″E / 1.2904305555556°N 11.8355°E / 1.2904305555556; 11.8355
Wikimedia Commons: Woleu-Ntem Province

Woleu-Ntem er ein provins i Gabon og ligg nord i landet. Han har namn etter elvene Woleu og Ntem, som renn gjennom provinsen. Han har eit areal på 38 465 km², og provinshovudstaden er Oyem. Størstedelen av innbyggjarane i provinsen bur her eller i byane Bitam, Minvoul, Mitzic og Médouneu. I 2013 var folketalet i provinsen 154 986.[1] Det meste av provinsen er dekt av skog, noko som forklarer den tynne folkesetnaden hans.

Som den nordlegaste provinsen i Gabon er Woleu-Ntem den einaste som grensar til Kamerun. Provinsen grensar også til Ekvatorial-Guinea i vest og Republikken Kongo i aust.

Inne i Gabon grensar provinsen til følgjande andre provinsar:

Departement[endre | endre wikiteksten]

Woleu-Ntem er delt inn i fem departement:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Résultats globaux du recensement général de la population et des logements de 2013 du Gabon (RGPL-2013) (PDF) (på fransk), Libreville: Direction générale de la statistique, décembre 2015, s. 6, tableau 4 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Woleu-Ntem