Ekvatorial-Guinea
- Sjå òg Guinea (fleirtyding)
República de Guinea Ecuatorial République de la Guinée Équatoriale República da Guiné Equatorial (norsk: Ekvatorial-Guinea, ekvatorialguineansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Caminemos pisando la senda» | ||||||
Motto | Spansk: Unidad, Paz, Justicia (Eining, fridom, rettferd) | ||||||
![]() | |||||||
Offisielle språk | Spansk, fransk og Portugisisk | ||||||
Hovudstad | Malabo | ||||||
Styresett |
Republikk Teodoro Obiang Nguema Mbasogo Vicente Ehate Tomi | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
28 051 km² (143.) 0 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
778 358 (162.) 27,7 /km² (152.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Spania 12. oktober 1969 | ||||||
Nasjonaldag | 12. oktober | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
25 940 mill. USD (130.) 35 200 USD (37.) | ||||||
Valuta | CFA-franc | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +240 | ||||||
Toppnivådomene | .gq
|
Republikken Ekvatorial-Guinea er ein sentralafrikansk republikk med grense mot Kamerun og Gabon. Hovudstaden Malabo ligg på øya Bioko i Biafrabukta. Det er eit av dei minste landa i Afrika.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Øya Bioko vart opdaga av kolonimaktene i 1471 av den portugisiske oppdagaren Fernão do Poo. Området var portugisisk koloni til det vart overført til Spania i 1778. Fastlandsdelen av landet vart eit spansk protektorat i 1885 og ein koloni i 1900. Ekvatorial-Guinea vart sjølvstendig i 1968 etter 190 år som den spanske kolonien, Spansk Guinea. President Mbasogo har styrt frå han tok makta i eit kupp i 1979.
Økonomi[endre | endre wikiteksten]
Før sjølvstendet var landet avhengig av produksjon av kokos. Store petroleumressurser vart oppdaga 1996. Landet har etter kvart vorte det tredje mest oljeeksporterande landet sør for Sahara. Andre vigtige næringsvegar er skogbruk, landbruk og fiskeri.
Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]
Fleirtalet av folket i landet vert utgjort av folk med bakgrunn i Bantu- folket. Den største stamma, Fang-stamma, utgjer 80 prosent av folkesetnaden.
Klima[endre | endre wikiteksten]
Både fastlandet og øyane utanfor kysten har eit typisk ekvatorialt klima med høge temperaturar, høg luftfukt, mykjeregn og mykje skyer året rundt. På fastlandet får kystsletta i året mellom 2400 og 4600 mm nedbør med to topper i året. Platået er noko tørrare. I Bioko kan ein få over 5000 mm i året. Middeltemperaturen er kring 26 °C og varierer lite gjennom året. Igjennom døgnet kan derimot temperaturen variere mellom 34 og 17 °C.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
