Wolfgang Rottmann
Wolfgang Rottmann | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 15. mai 1973 (49 år) Altenmarkt im Pongau |
Idrett | skiskyting |
Tok del i |
Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, VM i skiskyting 2000, VM i skiskyting 2005 |
Utmerkingar |
æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken |
Wolfgang Rottmann (fødd 15. mai 1973) er ein austerriksk tidlegare skiskyttar frå Altenmarkt im Pongau som vart verdsmeister på 20 km i 2000 og teken for bloddoping i 2006.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
I 2000-sesongen, hans beste sesong, byrja Rottmann å hevde seg mot verdseliten. Han vart nummer to etter norske Frode Andresen i 7,5 km sprint i Östersund. Under VM i skiskyting 2000 i Holmenkollen vann han gullmedaljen på 20 km etter eit bomskot på siste skyting, sølvmedaljen gjekk til landsmannen Ludwig Gredler. Seinare i meisterskapen vart han nummer fem i fellesstarten. To år etter kom han på femteplass i sprintrennet då Vinter-OL 2002 vart avvikla ved Salt Lake City, ei plassering langt over det han elles presterte i Ol-sesongen.
Under VM i skiskyting 2005 på heimegrunn i austerrikske Hochfilzen gjekk Rottmann tredje etappen på laget som tok bronse i 4 x 7,5 km stafett.
Doping[endre | endre wikiteksten]
Då italiensk politi gjennomførte ein umeld dopingrazzia i huset der den austerrikske skiskyttartroppa oppheldt seg under Vinter-OL 2006 i Torino, stakk Rottmann og kollegaen Wolfgang Perner av frå leiren, heim til Austerrike. Begge vart då utestengde frå OL-troppa. Rottmann og fem andre utøvarar vart i 2007 dømde for å ha nytta seg av bloddoping, og for alltid stengde ute frå austerriksk idrett.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Wolfgang Rottmann» frå Wikipedia på tysk, den 15. januar 2016.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «Wolfgang Rottmann» (engelsk). olympedia.org. Henta 13. februar 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1973
- Austerrikske skiskyttarar
- Verdsmeistrar i skiskyting
- Dopingsaker i skiidrett
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1998
- Skiskyttarar under vinter-OL 1998
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2002
- Skiskyttarar under vinter-OL 2002
- Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2006
- Skiskyttarar under vinter-OL 2006
- Deltakarar under VM i skiskyting 1997
- Deltakarar under VM i skiskyting 1998
- Deltakarar under VM i skiskyting 1999
- Deltakarar under VM i skiskyting 2000
- Deltakarar under VM i skiskyting 2001
- Deltakarar under VM i skiskyting 2003
- Deltakarar under VM i skiskyting 2004
- Deltakarar under VM i skiskyting 2005