Wollaston-øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjå også: Wollaston-øyane i Canada.

NASA-bilete av Hermite-øyane (nedst) og Wollaston-øyane (øvst).

Wollaston-øyane (spansk: Islas Wollaston) er ei chilensk øygruppe som ligg sør i øygruppa Eldlandet. Øyane ligg administrativt i provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena. Rett sør for øygruppa ligg Hermite-øyane der Kapp Horn ligg.

Øygruppa er oppkalla etter den engelske vitskapsmannen William Hyde Wollaston (1766-1828). Yaghan-namnet på øyane var Yachkusin - «øyplassen». Øygruppa består av øyane Wollaston Grey, Bayly og Freycinet. Ho ligg innanfor grensene til Cabo de Hornos nasjonalpark.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]