Wollaston-øyane
Utsjånad
- For den kanadiske øygruppa med det same namnet, sjå Wollaston-øyane i Canada.
Wollaston-øyane | |||
øygruppe | |||
NASA-bilete av Hermite-øyane (nedst) og Wollaston-øyane (øvst).
| |||
Land | Chile | ||
---|---|---|---|
Del av | Eldlandet | ||
Wollaston-øyane 55°40′00″S 67°30′00″W / 55.666666666667°S 67.5°W | |||
Wikimedia Commons: Wollaston Islands |
Wollaston-øyane (spansk: Islas Wollaston) er ei chilensk øygruppe som ligg sør i øygruppa Eldlandet. Øyane ligg administrativt i provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena. Rett sør for øygruppa ligg Hermite-øyane der Kapp Horn ligg.
Øygruppa er oppkalla etter den engelske vitskapsmannen William Hyde Wollaston (1766-1828). Yaghan-namnet på øyane var Yachkusin - «øyplassen». Øygruppa består av øyane Wollaston Grey, Bayly og Freycinet. Ho ligg innanfor grensene til Cabo de Hornos nasjonalpark.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wollaston Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juni 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Wollaston-Inseln» frå Wikipedia på tysk, den 14. juni 2012.