Hopp til innhald

Woodbridge i Suffolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Woodbridge
by
Land  England
Region Suffolk
Distrikt Suffolk Coastal
Folketal 8 244 (2020)
Postnummer IP12
Retningsnummer 0 1394
Kart
Woodbridge i Suffolk
52°05′38″N 1°19′12″E / 52.093888888889°N 1.32°E / 52.093888888889; 1.32
Wikimedia Commons: Woodbridge, Suffolk

Woodbridge er ein by i Suffolk i England. Han er administrasjonssenter for distriktet Suffolk Coastal, og ligg ved elva Deben. Sjølve byen har omkring 8 500 innbyggjarar.

Woodbridge stasjon betener East Suffolk Line mellom Ipswich og Lowestoft.

Woodbridge, med Woodbridge tidevassmølle i bakgrunnen.

Byen har sidan mellomalderen vore eit senter for båtbygging, rep- og seglmakeri. Både Edvard III og Francis Drake fekk bygd krigsskip i Woodbridge.

Woodbridge har bygningar frå tudortida, georgiansk tid, regencyperioden og viktoriansk tid. Han har òg ein av dei eldste kjende tidevassmøllene i landet, som er ein av berre fire i Storbritannia som har vorte verna og restaurert. Han er først dokumentert i 1170, då han vart driven av augustinarkannikar. I 1536 vart han teke over av Henrik VIII då kyrkjeleg gods vart inndrege, og i 1564 gav Elizabeth I han til Thomas Seckford. Han grunnla Woodbridge School og Seckford almissehus i 1577, for å hjelpe byen sin fattige.

Rett utanfor Woodbridge ligg Sutton Hoo, ein av dei rikaste funnstadene frå angelsaksisk tid.

Den såkalla Rendlesham Forest-hendinga fann stad nær Woodbridge. Det vart hevda at eit romfartøy hadde landa i skogen utanfor byen, noko som vart benekta av styresmaktene. Hendinga har vorte samanlikna med Roswell-hendinga i USA.

Ifølgje ein lokal tradisjon er vegen frå elva til toppen av Drybridge Hill den som The Grand Old Duke of York gjekk opp i ein kjend barnesong.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Woodbridge i Suffolk