Viktoriatida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Viktoriansk tid)
The Crossing Sweeper av William Powell Frith.

Viktoriatida er ei nemning på den lange regjeringstida til Victoria av Storbritannia. Ho var regjerande dronning frå 1837 til 1901. Ho var ikkje berre regjerande dronning av dei britiske øyane, men òg for heile det britiske koloniveldet.

Statsminister Benjamin Disraeli rekker Dronning Victoria den indiske krona

For Storbritannia var dette ei stordomstid ein gjerne seinare såg tilbake på med lengt. Landet opplevde sterk økonomisk vekst i samband med industrialiseringa, og nådde toppen av makta si i verda. Dette vert kanskje best symbolisert ved at Victoria gjekk frå å vera dronning av dei ulike landa ho herska over til òg å vera keisarinne av India. Det britiske imperiet var blitt til.

I sjølve Storbritannia utførte ein store byggjeprosjekt, til dømes jarnbanesystemet som framleis er grunnlaget for jarnbanenettet i landet i dag. Den første delen av undergrunnsbanen i London vart òg til i viktoriatida. Trua på kva ingeniørane og andre vitskapsfolk kunne gjera for samfunnet, var stor.

Veksande industri førte til nye busetjingsmønster ved at store mengder fattige flytta til byane for å arbeida i fabrikkar. Fattigdomen deira vart meir tydeleg og kanskje òg meir døyeleg, i og med at dei budde i usunne og tett folkesett slumområde. Samfunnet tok til å interessera seg for desse fattige, og kva som skulle til for å hjelpa dei. Eit typisk viktoriansk syn var at dei var fattige fordi dei ikkje var moralske nok - dei drakk, var late eller skjørlevna. Men det motståande synet vart òg hevda, at dei fattige hadde det slik på grunn av det skeive samfunnet.

Tida er kjent for å ha vore prega av Victoria sitt strenge syn på moralske spørsmål. Særleg kjønnsdrift vart no eit tabuområde som helst skulle undertrykkast og tiast om. Frå dette kjem uttrykket «viktoriansk», som kan brukast til å skildra eit besteborgarleg eller snerpete livssyn.

Kjende personar frå viktoriatida[endre | endre wikiteksten]

Fysikarar frå viktoriatida. Frå venstre til høgre Michael Faraday, Thomas Henry Huxley, Charles Wheatstone, David Brewster og John Tyndall

Vitskapsmenn[endre | endre wikiteksten]

Forfattarar[endre | endre wikiteksten]

Diktarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Viktoriatida