Worcester Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Worcester Range
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Ross Dependency
 - koordinatar 78°50′S 161°00′E / 78.833°S 161.000°E / -78.833; 161.000
Høgaste punkt Mount Harmsworth
 - høgd 2 765 moh.
 - koordinatar 78°41′S 160°56′E / 78.683°S 160.933°E / -78.683; 160.933
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Worcester Range
78°50′S 161°00′E / 78.83°S 161°E / -78.83; 161
Worcester Range is located in Antarktis
Worcester Range (Antarktis)

Worcester Range er ei fjellkjede i Antarktis mellom Skelton- og Mulockbreen på vestsida av Rossisen. Ho er truleg kalla opp etter skuleskipet på Themsen, der mange av offsierane på dei tidlege britiske antarktisekspedisjonane fekk opplæring. Det vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen (BrNAE), 1901-04. Namnet vart først nytta på kart av den britiske antarktiskekspedisjonen, 1907-09.[1]

Fjellkjeda er ein del av Prince Albert-McMurdo Range, som omfattar Prince Albert Mountains i Victoria Land. Begge desse er ein del av Dei transantarktiske fjella, som kryssar heile kontinentet.

Den høgaste fjelltoppen i fjellkjeda er Mount Harmsworth på 2765 moh, ved nordvestenden av Deltabreen. Det vart oppdaga av BrNAE og kalla opp etter sir Alfred Harmsworth, seinare vicomte Northcliffe, som generøst støtta ekspedisjonen økonomisk.[2]

Andre fjell er Mount Marks (~2600 moh), kalla opp etter Rodney Marks og Portal Mountain (2555 moh).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Worcester Range». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 28. februar 2013. 
  2. «Mount Harmsworth». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 28. februar 2013.