Wroxham

Koordinatar: 52°42′N 1°25′E / 52.700°N 1.417°E / 52.700; 1.417
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wroxham

Wroxham Bridge
Wroxham Bridge
Wroxham Bridge
Plassering
Wroxham is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Norfolk
Distrikt Broadland
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

1 532
Koordinatar 52°42′N 1°25′E / 52.700°N 1.417°E / 52.700; 1.417
Diverse annan informasjon
Postnummer NR12
Telefon-retningsnummer 0 1603
Commons har multimedium som gjeld: Wroxham

Wroxham er ein liten by og eit verdsleg sokn i Norfolk i England. Han ligg på sørsida av elva Bure, omkring 14 kilometer nordaust for Norwich. Omkring halvannan kilometer nedover elva, mot søraust, ligg Wroxham Broad, og på nordsida av elva ligg landsbyen Hoveton.

Byen reknar seg som «hovudstaden» i nasjonalparken The Broads. Brua der er rekna som han nest vanskelegaste i området å navigere forbi på elva, etter den i Pottar Heigham. Det er difor ein losstasjon på Hovetonsida, slik at elvefarande kan få assistanse mot ei avgift.

Wroxham og Hoveton har i praksis nesten smelta saman, sjølv om dei ligg på kvar sida si av elva. Det lokale kjøpesentret er kjent for butikken Roys of Wroxham – som kallar seg «den største landsbybutikk i verda» – og til trass for dette namnet ligg han på Hoveton-sida av elva. Byen har fleire båtbyggeri og marinaer som leiger ut fritidsbåtar. Det er òg ein fabrikk som hermetiserer frukt der.

Hoveton and Wroxham stasjon ligg i Hoveton, og betener Bittern Line frå Norwich til Cromer og Sheringham. Han er òg endestasjon for smalsporbanen Bure Valley Railway til Aylsham.

Soknekyrkja, vigd til Jomfru Maria, har ei kjend rikt dekorert dør på nordsida. På kyrkjegarden finn ein Trafford Mausoleum, som vart reist i mellomalderstil i 1831. Søraust for kyrkja ligg ein herregard frå 1623, med tydeleg nederlandsk innverknad i byggestilen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]